Hopp til hovudinnhald
04. november 2022

I dag deler vi intervjuet med Hannah Cook, som er direktør i eigedomsdivisjonen i Kartverket, i serien av videointervju frå Arendalsveka. Temaet i serien er digitalt utanforskap og eg snakka med mange gode folk om dette. Intervjua deler vi her på bloggen i haust.

Vi les nyheiter på nett, betalar rekningar i nettbank, bestiller e-reseptar, loggar oss på jobb og undervisning er ofte digital. Fleire enn du trur heng ikkje med, og digitalt utanforskap er eit stadig større problem. Skapar vi eit klassedelt samfunn?

Under Arendalsveka møtte eg mange innan forsking, bransje- og brukarorganisasjonar, leiing i offentleg sektor og politikk som har gode tankar rundt dette temaet, og eg stilte dei tre spørsmål:

  • Kor stor utfordring har vi med digitalt utanforskap i dag?
  • Kva tenker du er den viktigaste grunnen til utfordringane?
  • Kva tenker du vi bør satse på for å gi alle like moglegheiter for deltaking?

Vi deler intervjua her på bloggen, og i dag er det Hannah Cook i Kartverket som står på lista.

Vi har ei større utfordring enn vi først har sett. Digitalisering er viktig for Norge, men vi kan kanskje ikkje digitalisere alle tenester for alle brukarar. Vi bør lage hjelpeløyper eller alternative løyper til det digitale for dei som treng det. Og ikkje alle tenester let seg digitalisere. Korleis skal vi gi nok hjelp eller veiledning, er noko vi må tenke på, og det er mykje vi kan gjere, seier Hannah Cook. Høyr og sjå praten i videointervjuet.

Vil du lese meir om universell utforming av ikt og digitalt utenforskap, sjekk gjerne ut tilsynets statistikksider om den digitale brukaren og utanforskap. Dersom du er utviklar, designer, redaktør eller produserer innhald, bruk gjerne rettleiinga vår om universell utforming av ikt som har forslag til løysingar, e-læringskurs og infofilm.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
5 + 14 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.