Hopp til hovudinnhald
07. oktober 2022

I dag kjem intervjuet med Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon, som er nummer fire i rekka av videointervju vi gjorde under Arendalsveka. Der tok eg ein prat med mange gode folk om digitalt utenforskap, og vi deler intervjua her på bloggen i haust.

Vi les nyheiter på nett, betalar rekningar i nettbank, bestiller e-reseptar, loggar oss på jobb og undervisning er ofte digital. Fleire enn du trur heng ikkje med, og digitalt utanforskap er eit stadig større problem. Skapar vi eit klassedelt samfunn?

Under Arendalsveka møtte eg mange innan forsking, bransje- og brukarorganisasjonar, leiing i offentleg sektor og politikk som har gode tankar rundt dette temaet, og eg stilte dei tre spørsmål:

  • Kor stor utfordring har vi med digitalt utanforskap i dag?
  • Kva tenker du er den viktigaste grunnen til utfordringane?
  • Kva tenker du vi bør satse på for å gi alle like moglegheiter for deltaking?

Vi deler intervjua her på bloggen, og i dag er det Likestillings- og diskrimineringsombod Bjørn Erik Thon, som er nestemann ut.

– Digitalt utanforskap er eit demokratisk problem. Den som fell utanfor det digitale, kjenner seg umyndiggjort og det kan vere skambelagt å bli ståande utanfor, seier Bjørn Erik Thon.

Vil du lese meir om universell utforming av ikt og digitalt utenforskap, sjekk gjerne ut tilsynets statistikksider om den digitale brukaren og utanforskap. Dersom du er utviklar, designer, redaktør eller produserer innhald, bruk gjerne rettleiinga vår om universell utforming av ikt som har forslag til løysingar, e-læringskurs og infofilm.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
17 + 0 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.