Hopp til hovudinnhald
06. desember 2019

TechShare Pro i London er ein konferanse om tilgjengelegheit og inkluderande design som samlar leiarar frå heile verden, i regi av Google Uk og AbilityNet. Eg deltok i eit panel der vi drøfta om det er "carrot or stick" - gulrot eller pisk - som må til for å nå inkludering og universell utforming.

I panelet på TechShare Pro sat eg saman med Stuart Seaborn (USA), Yuval Wagner (Israel), Alejandro Modelo (EDF) og Eleanor Southwood (UK). Vi drøfta korleis unngå at nye digitale barrierar vert skapte når folk er i gang med å bygge digitale tenester og produkt. Treng vi berre gulrot eller må vi ha pisken også? Skal vi berre løfte kjennskapen og gjere alle meir medvitne om fordelane med universell utforming? Eller må vi ha regelverk som gjer at leiarar og dei som lagar tenester klarer å fokusere på det?

Når det gjeld pisk og gulrot – ulike land har valt ulik tilnærming. I USA står den individuelle retten til å klage og ta ei sak inn for domstolane, sterkt. Det gir høg motivasjon for endring for bedrifta som blir saksøkt og det skaper ein viktig presedens. Samtidig er belastninga på den enkelte stor, som må ta byrden om å drive det gjennom. I eit slikt perspektiv vil ei allmenn regulering, der myndigheitene følger opp, gjere byrden lettare for den enkelte. Ei allmenn regulering viser tydeleg at dette er eit samfunnsansvar og ikkje ein kamp den enkelte må ta aleine mot løysingar og mot bedrifter. Utfordringane den enkelte opplever, er likevel viktige element i vurderinga av kven som det vert ført tilsyn med.

Israel har jobba tett med media for å spreie kunnskap og medvit rundt desse problemstillingane. Media har systematisk slått opp saker for å vise både gode og dårlege løysingar. Shaming the bad ones, praising the good ones. I eit samfunnsperspektiv spelar media ei viktig rolle ved å formidle kva utfordringar både enkeltmenneske og heile brukargrupper står i ved bruk av digitale teneste. Det er ingen tvil om at utilgjengelege digitale teneste stenger folk ute frå å delta i samfunnet.

Når vi stenger folk ute, er det ikkje berre eit problem for enkeltmennesket som ikkje får delta, men det er også eit stort problem for fellesskapet fordi vi som samfunn går glipp av evnene og potensialet som ligg i at vi er ulike. For å kunne møte ei framtid med innovative teknologiske løysingar, vil vi som samfunn vere avhengig av at vi kan bruke den ressursen det store mangfaldet er.

Vi bur i ei verd der store teknologiselskap styrer mykje av kvardagen vår, både gjennom nettbrett, mobilar og pc-ar frå Lenovo og Apple og andre, og gjennom tenester på nett som Google og Microsoft. Det er spennande å sjå kor sterkt dei store internasjonale aktørane vektlegg tilgjengelegheit framover, og vi har sett ein revolusjon når det gjeld innebygd tilgjengelegheit og digital inkludering. Apple har vore eit selskap som har satsa på dette – visstnok mykje drive fram fordi amerikanske styresmakter sette tilgjengelegheit som krav for å få kontrakt med den amerikanske staten, mellom anna gjennom section 508 i The Rehabilitation Act. Resultatet har vore eit massivt skifte i meir inkluderande produkt dei siste 10-15 åra.

Regelverk påverkar marknaden. Derfor har det vore eit stort steg framover at EU har innført eit felles regelverk om tilgjengelege nettsider og appar. I ein globalisert marknad vil det enkelte land ikkje alltid kunne påverke korleis teknologigigantane utviklar sine løysingar. Derfor er det viktig med regulering på internasjonalt nivå.

Seinare på dagen vart det peika på frå blant andre Sarah Herrlinger frå Apple at regulering kan vere ein drivande faktor i starten, men teknologien utviklar seg raskt og det er viktig å jobbe iterativt for å vite at ein er på rett veg.

Debatten viste at universell utforming kan vere viktig både for enkeltmenneske og positiv for forretningsutvikling, innovasjon og verdiskaping. Det bidrar til eit samfunn som er meir inkluderande og gir betre ressursutnytting.

Sjå opptak av debatten på AbilityNet sin YouTube-kanal.

Høyr Malin Rygg og Stuart Seaborn i samtale i podcasten TechShare Procast.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
2 + 4 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.