Hopp til hovudinnhald
11. juni 2021

Student og konsulent i tilsynet, Kristina Eraker Ødegård, har sjølv fått kjenne på utfordringar då undervisninga vart heildigital over natta. Her deler ho sine erfaringar og kjem med tips til korleis ein kan gjere den digitale undervisninga meir universelt utforma.

Korleis det har vore å vere student under koronapandemien er det delte meiningar om. Rapporten Studiebarometeret 2020 (PDF) viser at sju av ti studentar meiner dei har fått dårlegare fagleg utbytte etter å ha gått over til digital undervisning. Eg har sjølv fått kjenne på utfordringane ved heildigital undervisning ved min studiestad på Campus NTNU Gjøvik. Mangelfull universell utforming og manglande tilrettelegging i undervisninga er noko av forklaringa.

Bruk av kommunikasjonsverktøy var utfordrande

Den første tida etter nedstenging av campus var mykje prega av at berre eit fåtal av forelesarane var førebudde på ein slik situasjon. For eksempel mangla dei webkamera eller ein god mikrofon. Det var nytt for mange korleis ein planlegg og gjennomfører ei digital forelesing og korleis ein brukar PowerPoint-presentasjon. Det var også mangelfull kunnskap om funksjonane og moglegheitane til kommunikasjonsverktøy som Teams og Zoom. Dette bidrog til at undervisninga opplevdes som tung. Etter kvart vart alle forelesarar utstyrt med både webkamera og mikrofon, men framleis var handtering av ulike kommunikasjonsverktøy ei utfordring.

Som eit resultat datt mange studentar ut av undervisninga og mista oversikt over pensum. Det var også tilfelle der forelesar avlyste forelesing og i staden publiserte pensum som ein presentasjon studentane måtte lese på sjølv. Her fekk nok studentar med for eksempel dysleksi eller konsentrasjonsvanskar store utfordringar fordi dei ikkje kunne høyre læraren presentere stoffet verken fysisk eller over video.

Om ein vel å berre publisere lærestoffet gjennom for eksempel ein PowerPoint-presentasjon, så er det veldig viktig at denne er universelt utforma. Dette inneber blant anna at ein skapar god kontrast mellom bakgrunn og tekstfarge og brukar ein godt leseleg font, som for eksempel Times New Roman eller Calibri. I tillegg er det viktig at ein nyttar illustrasjonar som er rettleiande eller som heng saman med teksten, slik at ein kan forstå innhaldet på andre måtar enn berre gjennom tekst. Alt-tekst til desse illustrasjonane er også viktig, slik at alle kan få med seg kva som blir illustrert.

Nye studentar fekk det verst

Sidan eg allereie var inne i mitt 4. semester når digitaliseringa auka i 2020, vart det ikkje så mykje fråfall av studentar på studiet mitt. Dei som derimot starta på studiet den hausten, fekk det meir utfordrande. Samhald og eit godt klassemiljø fekk ein ikkje moglegheit til å byggje opp på grunn av restriksjonane. Kommunikasjon frå forelesarar rundt timeplan og rettleiing i emna vart vanskeleg å setje seg inn i for ferske studentar. Derfor vart det dessverre eit større fråfall i dette kullet.

Den universelle utforminga til plattformene som studentane er avhengig av, som Innsida, Studentweb og Inspera, burde vore betre oppbygd slik at ein lettare kunne finne fram til for eksempel timeplanen. Det skal seiast at det å finne fram til timeplanen alltid har vore ei utfordring, men i ein slik situasjon er det spesielt viktig å ha ting på plass fordi nye studentar ikkje har like stor moglegheit til å spørre om hjelp og få forklaring ansikt til ansikt.

Vegen vidare

No, over eitt år etter første nedstenging av campus, har mange av oss blitt ganske vand med ein kvardag med digital undervisning. Likevel er det framleis forelesarar på campus som slit med forståing rundt tilrettelegging av universell utforming i undervisninga. Å kjøpe inn eit godt webkamera slik at studentar med nedsatt høyrsel kan lese på munnen, og å bruke ein god mikrofon slik at alle høyrer godt kva ein seier, er grunnleggjande element her. Å forbetre den universelle utforminga på ulike plattformer som studentane er avhengig av, slik at det blir lett å finne fram til for eksempel timeplanen, er grunnleggjande. Det vil gjere både motivasjonen, tilrettelegginga og kommunikasjonen mykje betre for forelesar og student, samtidig som ein inkluderer alle.

Portrett Kristina Eraker Ødegård
Konsulent, Digitaliseringsdirektoratet

Kristina Eraker Ødegård

Kristina Eraker Ødegård jobbar deltid som konsulent i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Utanom det studerer ho master i Industriell Design ved NTNU.

Forfattar

Portrett Kristina Eraker Ødegård
Kristina Eraker Ødegård
Konsulent, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
2 + 4 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.