Hopp til hovudinnhald
24. februar 2022

Då eg gjekk på skulen, var august synonymt med bokbind. Det var spanande å sjå kven som hadde hatt boka tidlegare år og kva personlege avtrykk dei hadde sett i margen. No er kvardagen for studentar og elevar for lengst digitalisert. Læreboka er digital, dynamisk og interaktiv – i den grad det i det heile teke ser ut som ei bok.

Illustrasjonsfoto: To barn med ein laptop

Når digitale læremiddel er koda på riktig måte, kan det gjere læring lettare. Krava til universell utforming gjer at digitale læremiddel skal kunne lesast maskinelt, forstørrast og ha tilstrekkeleg kontrast, for å nemne nokon av krava. Likevel ser vi diverre at digitaliseringa har ført til ei rekkje oppslag i media om digitale læremiddel som ikkje er universelt utforma.

Digitaliseringa opnar for å tenkje utanfor boksen og kombinere format. I ein digital læringsartikkel om stølsdrift kan det dukke opp eit lydklipp eller ein videosnutt om ysting av geitost. Då må denne typen medieinnhald utformast på same måte som om det var publisert på ei nettløysing. Men kva viss læremidla tek ei heilt ny og spelbasert retning?

Juridisk vurdering

Uu-tilsynet har nyleg gjort ei juridisk vurdering av dette spørsmålet for å klargjere kva rammeverk som gjeld for denne typen spel.

Utgangspunktet er at forskrift om universell utforming av ikt-løysingar ikkje skil mellom ulike typar nettbaserte ikt-løysingar. Dette gjer at spel som krev tilgang til internett i utgangspunktet er underlagt dei same krava som appar og nettstadar. Lovforarbeid frå 2008 opnar likevel for at nettbaserte spel kan unntakas, noko som også er lagt til grunn i Uu-tilsynets praksis.

Dette utgangspunktet må likevel sjåast i samanheng med utviklinga som har skjedd i regelverket etter 2008. Om lag ti år etter at det vart opna for at spel kunne unntakas, vart digitale læremiddel omfatta av krava til universell utforming. Fram til då hadde det berre vore ei tilretteleggingsplikt. Forskrifta definerer «digitale læremidler» som «nettbaserte redskaper som kan brukes i det pedagogiske arbeidet, og som er utviklet med hensikt å støtte læringsaktiviteter».

Definisjonen er vid og formatuavhengig, noko som gjer at vi i samband med spelifisering av læremiddel står overfor to motstridande utgangspunkt som må balanserast:

  1. Opninga for, og Uu-tilsynets langvarige praksis kring, unntak for nettbaserte spel.
  2. Presiseringa av at regelverket gjeld for «digitale læremidler».

Vektinga må ta utgangspunkt i lovgjevarviljen som ligg til grunn for dei to utgangspunkta.

Moglegheita til å stille nasjonale krav

Lovforarbeida frå 2008 peikar på at spelmarknaden er internasjonal, og at det slik er vanskeleg å stille nasjonale krav. Opninga for spelunntaket må sjåast med utgangspunkt i dette.

Når det kjem til utvidinga av forskriftas verkeområde til også å femne om digitale læremiddel, var bakgrunnen at ein med tida hadde sett at individuell tilrettelegging ikkje var tilstrekkeleg. Prop. 81 L (2016-2017) viste mellom anna til Diskrimineringslovutvalet som slo fast at «manglende universell utforming av IKT i utdannings- og opplæringssektoren virker ekskluderende. Elever med funksjonsnedsettelser og deres foreldre får ikke anledning til å delta i skole og undervisning på lik linje med andre elever og foreldre».

Trass kritiske merknadar frå forlagsbransjen vart det innført eit krav om universell utforming av digitale læremiddel. Omsynet til elevane og studentane vart slik vekta tyngre enn omsynet til forlaga. Dette skil seg frå spelunntaket, der omsynet til marknaden og svak nasjonal reguleringsmakt vart sett på som tyngre enn omsynet til forbrukarane.

Viktig samfunnsfunksjon

Sjølv om det er klart at spel kan vere ein viktig sosial arena, er det på det reine at spel som er utvikla for, og brukt i, opplæring og utdanning har ein viktigare samfunnsfunksjon enn eit spel som har underhaldning som hovudfunksjon. Dette har samanheng med at lik rett til opplæring og utdanning står sterkt i norsk rett.

Saman med den formatuavhengige definisjonen av digitale læremiddel som kom inn i 2018, er det klart at dei motstridande omsyna må vektast i retning av å moderere spelunntaket. Lovgjevarviljen frå 2018 er klar på at tilrettelegging ikkje er tilstrekkeleg for å sikre lik rett til opplæring og utdanning. Dette omsynet gjeld på tvers av kva format læremiddelet er i, noko som gir eit naturleg skilje mellom:

  1. Spel som er utvikla for, og brukt i, det pedagogiske arbeidet på ein skule eller utdanningsinstitusjon.
  2. Andre spel.

Førstnemnte må likestillast med andre digitale læremiddel, og fell slik utanfor spelunntaket. Alle andre spel, inklusive spel med eit pedagogisk tilsnitt som brukast på privatmarknaden, kjem inn under spelunntaket og treng ikkje vere universelt utforma.

Skuleeigarar pliktar derfor å sikre at spel som skal brukast i opplæring eller utdanning for å støtte læringsaktivitetar er universelt utforma i samsvar med krava som er stilt i forskrifta. Brot på dette kan føre til pålegg og sanksjonar frå Uu-tilsynet.

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
11 + 0 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.