Hopp til hovedinnhold
14. november 2023

Det har skjedd ein stille digital revolusjon i folkevalde organ. Frå saker på papir til digitale sakspapir og strøyming av lange møter. Kva gjer du når du skal tekste desse møta?

Det har skjedd ein stille digital revolusjon i folkevalde organ. Det er ikkje lengje sidan det jamleg dumpa ned tjukke konvoluttar med sakspapir i postkassane til tusenvis av kommunestyrerepresentantar. Slikt er i dag i stor grad digitalt og tilgjengeleg på nett (presumptivt universelt utforma!) for både representantane og andre som måtte vere interesserte.

Vidare er den nye normalen mange stader at politiske møte strøymast direkte på nett og at opptaket vert liggjande tilgjengeleg etter at møta er over. Eg sit ikkje på tal som viser om dette har verka inn på kor mange som følgjer politiske møte, men eg dristar meg likevel frampå med ein spådom: Talet følgjarar har auka.

Samstundes med at strøyming og opptak har gjort politiske møte meir tilgjengeleg for mange, er det nokon som har sett mørke skyer i horisonten. Innføringa av EUs webdirektiv (WAD) har bidrege til auka merksemd rundt krava til universell utforming. Rett nok er det eit generelt unntak frå reglane om universell utforming for direktesendingar, men viss ei direktesending blir liggjande for seinare avspeling skal i utgangspunktet krava vere oppfylt innan 14 dagar. Og med ‘krava’ meinast for ordens skuld mellom anna undertekst som alternativ til tale og eventuell annan meiningsberande lyd.

Politiske møte kan dra ut i tid, noko som kan gjere det kostbart å tekste manuelt. Som ein følgje av dette stiller no fleire kommunar spørsmålet om dei må av-publisere opptak av politiske møte før det har gått 14 dagar.

Bak ein kvar klar regel står det oftast ein uklar unntaksregel. Det gjer det også her. Det beste er sjølvsagt å gjere innhaldet universelt utforma, men viss ein føler at ein av-publisere tilrår vi at ein først ser på alternativa. Så for å hoppe rett på konklusjonen – desse opptaka må ikkje nødvendigvis av-publiserast sjølv om ein ikkje har råd eller tid til tekste manuelt.

Unntak

I korte trekk er det to sett unntaksreglar – den generelle og skjønnsprega på den eine sida, og dei seks konkrete unntaka i ikt-forskrifta § 4c på den andre. Det generelle og skjønnsprega unntaket er heimla i likestillings- og diskrimineringsloven § 18 tredje ledd og ikt-forskrifta § 1 og gir unntak frå krava til universell utforming viss det «medfører en uforholdsmessig stor byrde for virksomheten», eller uhøveleg byrde om du vil.

Det er unntaket for uhøveleg byrde som er mest aktuelt å sjå på for lange videoopptak.

Kva er teknologien i dag?

Kostnaden med å tekste manuelt er, i timar eller kroner, relativt høg. Vidare er ikkje kvaliteten på automatisk teksting fullt ut godt nok til å i seg sjølv oppfylle alle krav, sjølv om automatisk teksting på norsk stadig blir betre.

Det er mellom anna utfordringar med ulike dialektar. Vidare manglar automatisk teksting markering av kven som snakkar og evna til å fange opp meiningsberande lydar, slik som latter og applaus.

Sjølv om tale-til-tekst-teknologien på norsk ikkje er eit fullgodt alternativ per i dag, har han likevel kome så langt at det gir eit veldig godt utgangspunkt for seinare omarbeiding. Vidare er feila i mindre grad enn tidlegare direkte misvisande.

Generelt om uhøveleg byrde-vurderinga

Unntaksheimlelen «uforholdsmessig stor byrde» er ein rettsleg standard. Det vil seie at unntaket er dynamisk og må tolkast basert på dei overordna føringane som er gitt og brukast konkret opp mot faktum i den aktuelle saka. Kva som kan reknast som ein uhøveleg byrde må derfor alltid både vurderast og grunngjevast konkret.

For at vilkåret skal vere oppfylt, peikar WAD mellom anna på at krava om universell utforming må

  • påføre ein stor organisatorisk eller finansiell byrde, eller
  • truge organets evne til anten å oppfylle sitt føremål eller å offentleggjere informasjon som er nødvendig eller relevant for organets oppgåver og tenester

WAD legg slik opp til ein veldig høg terskel. Dette samsvarer med Uu-tilsynets praksis frå før WAD. Vurderinga går ut på å balansering ulempene med fordelane krava vil ha for innbyggjarane - ei kostnad og nytte-vurdering. Her skal det berre skal leggjast vekt på legitime omsyn – til dømes slår WAD fast at manglande prioritering, tid eller kunnskap ikkje er tilstrekkeleg til å oppfylle vilkåret.

Andre moment som kan vere relevante i vurderinga er mellom anna:

  • Personvern
  • Tryggleik
  • Verksemdas økonomi
  • Teknologiske moglegheiter
  • Utviklingsforløpet for ei anskaffing let seg ikkje tilpasse tidsfristane
  • Om verksemda hovudsakleg kommuniserer med brukarane via ikt-løysingar

Vurdering av uhøveleg byrde sett opp mot opptak av møte i demokratisk valde kommunale organ

Sjølv om det som utgangspunkt alltid må gjerast konkrete vurderingar av kvart tilfelle, har vi gjort ei allmenn vurdering av opptak av møte i demokratisk valde kommunale organ. Tanken er at denne vurderinga kan liggje til grunn som ein hovudregel, og slik hjelpe kommunar i denne vurderinga.

Vurderinga er samansett, men i korte trekk har vi kome til at det som hovudregel er tilstrekkeleg med automatisk teksting av denne typen møter.

Dette byggjer mellom anna på at opptaka ofte er veldig lange og gjerne har få sjåarar. Kostnaden per avspeling blir relativt høg. Dette er eitt av fleire omsyn som er balansert opp mot at folkevalde organ utgjer kjernen i det demokratiet samfunnet byggjer på.

Som eit avbøtande tiltak har vi derfor kome til at videoar som ikkje har gjennomgått manuelt kvalitetssikra teksting skal ha automatisk teksting, utfyllande samandrag eller tilsvarande alternativ sjølv om kvaliteten på mellom anna automatisk teksting ikkje er like god som manuell.

Til slutt er det viktig å merke seg to ting:

  1. Denne vurderinga er eit utgangspunkt, og det kan stille seg annleis for saker av særleg prinsipiell verdi eller stor allmenn interesse. Døme på dette kan vere saker om plassering av sentral infrastruktur som skular og sjukeheimar, kraftutbygging, innføring av eigedomsskatt osb. I slike saker kan det vere nødvendig å sikre tilstrekkeleg presisjonsnivå i form av manuell teksting. Dette må vurderast konkret, typisk av politisk leiing og/eller administrasjonen.
  2. Dette utgangspunktet kan ikkje utan vidare overførast til andre former for lange videoopptak, slik som førelesingar på høgskular og universitet. Dette må vurderast konkret.
Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfatter

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merket med en rød stjerne (*) er obligatoriske.

Innholdet i dette feltet blir holdt privat og vil ikke bli vist offentlig.
Er du et menneske?
3 + 0 =
Løs dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.