Hopp til hovudinnhald
04. mai 2022

Har du fått med deg at NAV no er i gang med Mangfold i mai? Dette er ei samling arrangement som har som føremål å hjelpe deltakarane å hjelpe andre. For ein framifrå visjon!

Under Mangfold i mai er det ei rekkje arrangement som alle fell inn under paraplyen mangfald, inkludering og universell utforming. Her er det mellom anna føredrag om kva universell utforming er, inkluderande dataspeling, brukartesting og mykje meir. NAV har sett saman eit imponerande program, og dei fleste arrangementa strøymast på nettet og er opne for alle. Applaus til arrangørane!

Sjølv er eg invitert til å halde eit innlegg om universell utforming i ikt-anskaffingar, som vert etterfølgd av eit arbeidsseminar knytt til det same temaet.

Mange av nettløysingane som er omfatta av krava til universell utforming blir heilt eller delvis til gjennom ei anskaffing. Det er dei same krava som gjer seg gjeldande sjølv om det er eksterne som står for utviklinga. Det avgjerande er om løysinga er universelt utforma, ikkje om verksemda trudde ho var universelt utforma eller om leverandøren lova at ho skulle vere det. Til sjuande og sist er det alltid verksemda som gjer løysinga tilgjengeleg som er ansvarleg, både overfor brukarane og tilsynet.

Derfor er det viktig å ha eit medvite forhold til universell utforming også i anskaffinga, for slik å:

  1. Sikre at løysingane er tilgjengelege for alle.
  2. Sørgje for å ha sanksjonsmiddel mot leverandøren i tilfelle det ikkje er samsvar mellom krava til leveransen og det som er levert.

Eit viktig poeng er at det ikkje er gitt at alle leverandørar har tilstrekkeleg kjennskap til kva som skal til for å gjere ei ikt-løysing universelt utforma. Det er derfor ikkje nok å setje det opp som eit krav og kontrollere om leverandøren kryssar av for at kravet er oppfylt. Som oppdragsgjevar bør du ta ei meir aktiv rolle gjennom å til dømes konkretisere krava, teste løysinga og ansvarleggjere leverandøren ved eventuelle brot.

Innlegget var basert på nokre av elementa eg er innom i seminarrekkja om universell utforming i ikt-anskaffingar som vi lanserte i vinter. Der kan du sjå korte innleiingar om

  • kartlegging av behov
  • forankring
  • korleis stille krav
  • gjennomføre konkurransen
  • akseptansetesting, drifting og vidareutvikling

Undersøk programmet for Mangfold i mai og lukke til med di neste anskaffing av universelt utforma ikt-løysingar!

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Sigbjørn Råsberg

Sigbjørn Råsberg er jurist i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet.

Forfattar

Jurist i tilsynet, Sigbjørn Råsberg
Sigbjørn Råsberg
Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
8 + 2 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.