Hopp til hovudinnhald
14. juni 2023

Leon (15) har vore hos Uu-tilsynet på hospitering for å lære meir om universell utforming av ikt. Vi har utfordra han til å skrive ein blogg om hans erfaring med digitale læremiddel i skulen. Les og lær meir om ein elev sitt perspektiv.

Digitalisering av skulen har heldt på i fleire år. Meir og meir av ein skulekvardag består av tid bak ein pc, ein iPad eller eit smartboard. Men er dette ei positiv utvikling? Prøver me ikkje å redusere tida bak ein skjerm? Og kva er bra og dårleg med digitalisering av skulen?

Kven er eg?

Eg heiter Leon. Eg er 15 år og går i 9. klasse på Kaupanger skule. I starten av skulegangen min brukte me veldig lite data på skulen. Alt me hadde var eit datarom som var felles for heile skulen, og eit dataskap med ca. tjue ganske dårlege PC’ar. Alt som var avhengig av at elevane hadde PC var derfor veldig vanskeleg å få til. Da blei det mest oppgåver i bok. Utviklinga sidan da har vore veldig stor. Etter kvart fekk alle klasseromma sitt eige «smartboard». Seinare fekk og alle frå 5. klasse og opp sin «eigen» PC, og 1-4. klasse fekk kvar sin iPad på skulen. Denne utviklinga har også vore sterkt påverka av koronapandemien. Der blei alle plutseleg tvungne til å jobbe heimanfrå. Med heimeskule var det ikkje moglegheit til å dele ut noko fysisk. Da måtte alt delast ut digitalt, der mange brukte applikasjonar som Teams for kommunikasjon og utdeling. Da var den digitale endringa ekstra viktig.

Er utviklinga positiv?

Om den digitale utviklinga er positiv eller ikkje, er eit omdiskutert tema. Ei datamaskin gir moglegheiter som ein ikkje kan oppnå, eller er utfordrande å utføre med papir og blyant. Samtidig kan det ha fleire negative verknader, som ikkje nødvendigvis kjem med den «gamaldagse» læremetoden. Kva er best? Er det ein kombinasjon? Eller er ein av dei berre betre?

Fordelar med digitaliseringa

Ved hjelp av data kan ein oppnå mykje forskjellig. Det finst mange praktiske og effektive program og nettsider som kan gjere læringa lettare og meir interessant. Digitale læringsprogram legg ofte til rette for sjølvvald nivå. Då kan elvane halde på i sitt eige tempo, og få tilpassa oppgåver på same tid. Da slepp ein stresse for å gjere ferdig oppgåvene før ein får nye. Samarbeid er også mykje lettare, då elevar kan enkelt dele eller kopiere tekstar og dokument mellom seg. Teknologien kan også hjelpe læraren og elevane med engasjement i timane. Det har vist seg at program som Kahoot, Minecraft og fleire andre læremiddel har gjort ungar og ungdommar meir engasjert i timane.

Ulemper med digitaliseringa

Sjølv om mange ting er praktisk, er det og fleire ting som ikkje er optimalt med digitaliseringa. For eksempel er det å kunne skrive for hand, med ei handskrift både andre folk og ein sjølv forstår, veldig praktisk å kunne. Det er også bevist at ein hugsar betre det ein har skrive viss ein skriv for hand. Å kutte dette heilt ut, vil derfor ikkje vere særleg lurt. Kva er poenget med å skrive ned ting når du øver viss ein skal gløyme det rett etterpå? Samtidig kan det gjere at ein sit meir i ro, og bak ein skjerm. Det er noko som ikkje er ynskja av mange. Ei anna ulempe er at det blir lettare å jukse, både i timane og på prøvar. Dette er på grunn av digitale hjelpemiddel, som for eksempel «Chat GPT», «MyAI» eller andre nettstadar.

Juks i timane gjer at eleven ikkje lærer noko, noko som går utover ein sjølv. Samtidig kan det vere farleg å begynne å bruke sånne hjelpemiddel i ung alder. Sjølv om dei seier mykje rett, er fleire ting veldig feil. Derfor er det viktig å lære seg å vere kritisk, både mot internett, men også mot «AI». Juks på prøvar kan føre til at folk får betre karakterar enn dei fortener, som er urettferdig for andre, og viser heller ikkje kva eleven faktisk kan. Det kan og føre til at ein blir tatt og ikkje får noko karakter i det heile. Begge deler kan vere negativt for framtida.

Karakterar er jo til for ein grunn. Digitaliseringa gjer også systemet meir sårbart. Alt som skal til for at det oppstår problem er at ein PC ikkje funkar, eller at nokon gløymde passordet sitt. Samtidig kan det dukke opp store problem på heile skulen, ved så lite som at internettet ikkje funkar, eller at nettsida ein skulle bruke er «nede».

Forskjellige lærebøker

Kva lærebok som er best er forskjellig utifrå kva person som skal bruke den. Folk er forskjellige, og det er mykje lettare å tilpasse boka enn personen. Nokre likar best bøkene som ein kan ha i papir og finne eigne oppgåver. Andre likar kanskje digitale lærebøker der ein kan få tilpassa oppgåver automatisk utifrå kor mykje rett eller feil ein svarer. Da slepp ein tenke på om oppgåvene er vanskeleg nok for ein sjølv eller ikkje. Det finst sjølvsagt også mellomting. Nokre læremiddel gjer at ein sjølv kan velje vanskegrad, og så vel den digitale læreboka oppgåver utifrå tema.

Personleg likar eg å velje vanskegrad eller oppgåver sjølv. Dette er fordi algoritmane som tildeler oppgåver, ikkje er heilt topp etter min erfaring. Kor mykje vanskegraden endrar seg opp eller ned etter ei oppgåve har mykje å seie. Noko som kan vere litt problematisk med tilpassing av læremiddel er at fysiske lærebøker, eller lisens til digitale lærebøker kostar pengar. Derfor har ikkje ein alltid tilgang på alle dei forskjellige lærebøkene. Noko som er bra med den digitale verda er at ein kan enklare finne løysingar på dette, utan at det treng å koste mykje meir.

Mine tankar vidare

Personleg ynskjer eg at ein skal fortsette å utvikle digitaliseringa, samt ikkje legge vekk alt anna. Ein passeleg kombinasjon gjer at ein kan få det positive frå begge sider, samt kanskje unngå nokre av dei negative sidene ein får ved å berre drive på med ein av dei. Det viktigaste er å finne ein måte der alle elevane lærer det dei skal, samtidig som ein passa på at minst nokre få timar i veka er morosame og engasjerande.

Korleis timane er lagt opp no er veldig forskjellig ut i frå kva lærar ein får. Sjølv om mange har begynt å tilpasse seg, er det ein veg igjen for å bruke den digitale verda til å få ein optimal skule. Ein har komme langt, men det er viktig at ein fortsett arbeidet med tilpassing til ein digital skuleverden.

Portrettfoto av Leon som står utendørs i bunad og smiler til kamera.
Elev, Kaupanger skule

Leon Tveito

Leon går i 9. klasse ved Kaupanger skule. Han er interessert i musikk, idrett og friluftsliv, og driv både med band, korps, friidrett, randonee og musikkteater. Han har vore utplassert hos Uu-tilsynet for å få eit innblikk i kva universell utforming av ikt er, kva tilsynet jobbar med og korleis dei jobbar.

Forfattar

Portrettfoto av Leon som står utendørs i bunad og smiler til kamera.
Leon Tveito
Elev, Kaupanger skule

Kommentarar (2)

T

TN

14. juni 2023

Et godt balanserte innlegg! Jeg skal være forsiktig med å trekke inn alder, da jeg ofte blir alderdiskriminert andre veien, men dette er særdeles gode tanker fra et ungt hode. (Sier en med 40 års erfaring med å leve digitalt) Det å digitalisere handler vel så ofte om hva man ikke skal digitalisere som hva man bør.

I

Inge Harald Fridtun

15. juni 2023

Veldig bra formulert og gode refleksjonar!

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
1 + 8 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.