Den globale krisa med Covid-19 har høgaktualisert det store gapet i den digitale verda mellom dei som har tilgang til digitale kanalar og dei som ikkje har det. GAAD tek opp dette i år.
Då koronakrisa braut ut, vart digitale løysingar den eine og avgjerande kanalen for informasjon i samfunnet. Når arbeidsplassar og skular stenger ned, risikerer dei som strevar med å bruke å internett å ikkje kunne delta i digital undervisning eller logge seg på jobb. Nokre risikerer å gå glipp av kritisk helseinformasjon når dette blir formidla gjennom digitale kanalar.
Dette er GAAD
Den tredje torsdagen i mai kvart år markerer webutviklarar over heile verda Global Accessibility Awareness Day (GAAD) - Internasjonal dag for merksemd rundt tilgjengelegheit. I år er dette på torsdag 21. mai.
Målgruppa for GAAD er alle som jobbar med design og webutvikling og som er opptekne av brukarvenlege løysingar. Dette er dagen då så mange som mogleg skal snakke saman om, tenke på og lære om tilgjengelegheit på nett og om dei ulike behova vi har når vi brukar nettsider og digitale tenester.
FN viser veg
Vi vil i dag oppmode deg som jobbar med digitale løysingar om å sjå nærmare på G3ICT -The Global Initiative for Inclusive ICTs. Dette er eit FN-initiativ for å løfte fram rettar for personar med nedsett funksjonsevne på den digitale arenaen. På sine nettsider har G3ICT lagt ut ei rekke ressursar. Sjekk spesielt webinar-serien om Covid-19 der FN deler ekspertise om korleis Covid-19 påverkar samfunnet.
FN-undersøkingar om digital undervisning
FN gjennomfører ei undersøking om digital undervisning og heimeskule. Skular har blitt stengt ned i 192 land, og dette går utover elevar med nedsett funksjonsevne. Målgruppa for undersøkinga er foreldre og føresette til, og lærarar for, elevar med nedsett funksjonsevne, og for personar med nedsett funksjonsevne. Sjå gjerne undersøkinga i lista over ressursar på G3ICT sine sider.
Sjekk elles ut FNs kanal for IKT og tilgjengelegheit, ITU News, og den nye podcasten om arbeid for å minske det digitale gapet.
Bakgrunn for GAAD
Ideen med ein verdsomspennande merkedag for tilgjengelgeheit starta med eit blogginnlegg skrive av webutviklar Joe Devon i Los Angeles i 2011. Bloggen vart tvitra, og ein tilgjengelegheitsekspert i Toronto, Jennison Asuncion, fanga det opp og tok kontakt med Joe Devon. Saman fekk dei idéen om ein dag som skal vere eit årleg arrangement med webinar og blogging. Les meir om dette på Globalaccessibilityawarenessday.org
Gjennom sosiale medium vart ideen spreidd og det første året vart dette markert i India, England, Usa, Canada og Quatar. I dag vert dagen markert i enno fleire land.
Tenk på det, lær litt om det og opplev digital tilgjengelegheit - det er tanken bak ein slik dag. At alle webutviklarar skal bli merksame på kva dette vil seie.
Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.