Hopp til hovudinnhald
29. oktober 2020

Har du nokon gong tenkt på kor viktig eit fungerande fargesyn er? Dei ulike utfordringane som kan oppstå i dagleglivet om ein ikkje kan sjå forskjell på fargane grøn og raud? Dette gjeld også på nettstader. Brukarar med nedsett fargesyn blir ofte gløymt når ein skal utforme ein nettstad, sjølv om det er enkle tiltak som skal til for å gjere opplevinga betre for dei.

Utfordringar med fargesyn er ikkje unormalt, men likevel gløymer ein ofte å leggje til rette for det. Dette skuldast ofte for lite kunnskap om temaet, der ein ikkje skjønar problema dette handikapet kan skape. Eg har sjølv tatt meg i å tenkje meir på dei som har større utfordringar enn å sjå forskjellen på to fargar, når eg designar noko. Det er lett å gå i denne fella, sjølv om det ikkje krevst så mykje jobb for å gjere kvardagen til personar med nedsett fargesyn lettare. Dette har eg lært mykje om i forelesningar på Norsk Forskningslaboratorium for Universell Utforming ved NTNU Gjøvik.

Fargesyn

Det finst ulike nivå når det kjem til nedsett fargesyn. Ein kan ha noko nedsett fargesyn, der ein kan sjå fargane, berre i ein litt svakare eller blassare tone. Eller ein kan vere fargeblind på éin eller to fargar, som betyr at ein ikkje kan sjå nyansar av den utsette fargen i det heile, men i staden ser ein nyanse av komplementærfargen (fargen som ligg på motsett side av Ittens fargesirkel). Eller så kan ein faktisk vere heilt fargeblind, noko som inneber at ein ikkje ser nokon fargar, men berre ser gråtonar. Denne typen fargeblindheit er heldigvis svært uvanleg. Den vanlegaste typen fargeblindheit er grøn-raud fargeblindheit.

Kva kan ein gjere?

Det første og viktigaste ein må tenkje på når ein skal leggje til rette for personar med dårleg fargesyn er kontrast. For sjølv om ein ikkje klarar å sjå forskjell på ulike fargar, kan auget fortsatt oppfatte forskjellen på ein mørk farge og ein lys farge. Det er dermed ikkje gunstig å velje to fargar med veldig lik valør (aksen for lysheit-mørkheit) når intensjonen kanskje er å skilje dei. Det kan også nokon gonger vere lurt å velje varm-kald kontrastar om ein vil skilje to element på nettsida. Så for å då få den høgaste kontrasten kan ein kombinere desse to kontrastane og velje for eksempel ein mørk, kald blå opp mot en varm, lys raud-oransje farge. Noko som er enda betre er at desse tiltaka også hjelper personar med nedsett syn, då dei også er avhengig av gode kontrastar.

Hjelpemiddel for forståing

For å lettare setje seg inn i situasjonen til dei fargeblinde, kan ein prøve ut ulike simulatorar og kontrastmålarar for å sjå korleis det ein har laga ser ut for personar med nedsett fargesyn.

  • Coblis- ein simulator der du kan leggje inn ditt eige bilde, for så å leggje på eit slags filter av det ønska fargesynet, slik at ein få ein peikepinn på korleis det blir oppfatta.
  • Colour Contrast Analyser - måler dei valde punkta på skjermen og vurderer dei opp mot WCAG 2.1, her har ein også ei vurdering på fargesyn.
  • Chromatic Vision Simulator – app som simulerer ulike fargesyn-nedsettingar ved hjelp av kameraet på telefonen din.
Portrett Kristina Eraker Ødegård
Konsulent, Digitaliseringsdirektoratet

Kristina Eraker Ødegård

Kristina Eraker Ødegård jobbar deltid som konsulent i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Utanom det studerer ho master i Industriell Design ved NTNU.

Forfattar

Portrett Kristina Eraker Ødegård
Kristina Eraker Ødegård
Konsulent, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
1 + 1 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.