Hopp til hovudinnhald
26. august 2021

Norge er eit digitalt samfunn. Men ikkje alle heng med og er like digitale. Då oppstår eit skilje mellom dei som har it-ferdigheiter og dei som har låg eller ingen. Digitalt utanforskap var tema under Arendalsveka der eg var i paneldebatt saman med Nav og Accenture.

Norge er eit stadig meir digitalt samfunn. Til liks med andre land i Norden, har vi høg tillit mellom befolkninga og offentlege myndigheiter, og dette har sett oss i stand til å ha ein offentleg sektor med digitale tenester som ligg heilt fremst i Europa. Dermed stod vi betre rusta til å handtere pandemien då den kom i 2020, enn vi ville gjort for få år sidan. Digitaliseringa skapar moglegheiter og betre tenester for mange.

Nytt klasseskilje?

Samtidig har digitaliseringsbølga skapt eit gap mellom dei som har grunnleggande IT-ferdigheiter og dei som manglar digital kompetanse eller tilgang. Med nedstenging av manuelle alternativ, har koronakrisa gjort gapet større. Spørsmålet blir om vi med dette skapar eit klasseskilje mellom dei som heng med på den nye digitale kvardagen og dei som fell utanfor.

Ei ny undersøking frå Kompetanse Norge viser at 600 000 har svake eller ingen digitale ferdigheiter, og får ikkje utnytta moglegheitene som finst digitalt.

Rapporten peikar på fleire årsaker til at nokon fell utanfor digitalt – det kan vere alder, dårleg økonomi, låg norskkunnskap, låg tilknyting til arbeidslivet eller funksjonsnedsetting. For mange vil det vere ein kombinasjon av faktorar.

Vi går glipp av store verdiar

Når ein stor del av befolkninga ikkje kan ta i bruk digitale løysingar - kva går vi som samfunn glipp av? Slik eg ser det, går vi glipp av store verdiar - både hjå den enkelte, hjå verksemdene og i samfunnet som heilheit.

Den enkelte går glipp av sjølvstendigheit, deltaking og moglegheiter til å bidra med sitt potensiale. Verksemdene som tilbyr digitale tenester, går glipp av kundar eller brukarar og moglegheitene til å hauste dei fulle gevinstane av digitalisering. Dette gjeld for private verksemder, men like mykje for offentlege verksemder som også har eit demokratisk ansvar for at alle heng med. Når vi brukar fellesskapet sine ressursar på å tilby tenester, har vi i offentleg sektor eit særleg ansvar for at så mange som mogleg kan nytte tenestene. Sist, men ikkje minst går vi som samfunn glipp av den store meirverdien det er i potensialet i dei menneskelege ressursane i dei som blir utestengd. Vi ser no at digitaliseringa skyt enno meir fart som følgje av pandemien. Mange snakkar om den fjerde industrielle revolusjon. Som samfunn er dette ressursar som vi ikkje har råd til å gå glipp av.

Kva skal til?

I ein kronikk i Aftenposten søndag 15.8.21, gjekk IKT-Norge saman med Rådet for et Aldersvennlig Norge ut og etterlyste meir tiltak, hjelp og opplæring for eldre personar som strevar med digitale løysingar som for eksempel å betale på bussen. Då eg nyleg snakka med generalsekretæren i Seniornett, Kristin Ruud, peika ho på behovet for meir ein-til-ein-opplæring for eldre, for meir kunnskap og brukartesting hjå utviklarar og for ei haldningsendring.

Heidi Esma Dahl Bønnhoff, har nyleg skrive doktorgrad om korleis morsrolla blir forma i ein gjennomdigitalisert kvardag, og har i arbeidet sitt vist korleis mange med norsk som andrespråk slit i møtet med ein digital velferdsstat.

Det er viktig at det blir satsa på opplæringstiltak og støtte til dei som treng det. Her har regjeringa forslått fleire tiltak i arbeidet med strategien Digital heile livet. Samtidig er det viktig at det å kunne delta i samfunnet ikkje blir ei privat utfordring for den enkelte.

Det handlar om å minske gapet mellom dei krava vi som samfunn set til deltaking og innbyggarane sine evner og moglegheiter til å nå opp for å delta. Dette kan vi gjere på to måtar:

  • Ved å gi dei som treng ekstra støtte opplæring, hjelp, hjelpemiddel og andre målretta tiltak slik at det blir lettare å nå opp.
  • Ved å utvikle gode, universelt utforma løysingar som er enkle for alle å ta i bruk.

Kva samfunn vil vi ha?

For å komme dit, krevst det eit felles løft. Frå myndigheiter, frå it-bransjen, frå dei som lagar digitale løysingar, frå frivillige organisasjonar, frå utdanningssektoren og frå deg og meg. Vi må ta i bruk den innovasjonskrafta som ligg i bransje og privat sektor. Vi må ta på alvor at vi som brukarar av tenester er ei samansett gruppe med ulike behov og få dette inn i utdanningsinstitusjonane som utdannar designarar, utviklarar og alle som skal jobbe med digitale løysingar. Vi må få til ei haldningsendring slik at kvar brukar er like viktig. Og vi må alle bistå dei som er rundt oss med støtte og hjelp.

Før alle er om bord, kan vi ikkje skru heilt av dei analoge tenestene. Men vi bør ha ein ambisjon om at fleire kan bli meir digitale ved å lage gode løysingar, gi nødvendig støtte og endre haldningane slik at vi unngår eit delt samfunn – både digitalt og sosialt.

Til sjuande og sist handlar det om kva samfunn vi vil ha.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
17 + 2 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.