I dag markerer vi Global Accessibility Awareness Day (GAAD) – for 14. gong vert denne dagen feira over heile verda. Målet er å skape merksemd om digital tilgjengelegheit og inkludering for dei meir enn éin milliard menneska som lever med funksjonsnedsetjingar.
Digital inkludering er ikkje berre eit spørsmål om teknologi – det handlar om demokrati, deltaking og likestilling. Når digitale løysingar er utilgjengelege, stengjer vi folk ute frå skule, arbeidsliv og offentlege tenester. Tilgjengelegheit er ei føresetnad for at alle skal kunne delta på lik linje – og heilt sentralt for å nå FNs berekraftsmål om likestilling, utdanning og redusert ulikskap.
Les meir om GAAD på www.accessibility.day.
Vi i Tilsynet for universell utforming av ikt er sjølvsagt med og markerer dagen. Rundt om i verda skjer det mykje – blant anna eit globalt, virtuelt GAAD-arrangement med keynote av Dr. Ludmila Praslova og sesjonar om universell utforming, høgare utdanning og rettferd.
Ofte er det enkle grep som skal til for å betre tilgjenge for mange. Typiske feil er til dømes dårleg kontrast og manglande alt-tekst på bilete – sjå løysingsforslag etter tema for praktiske tips om korleis du kan lage meir tilgjengelege nettstader.
Samtidig – lansering av Logg på!:
I dag vert boka Logg på! (Elisabeth Palmgren og Torgeir Waterhouse) lansert, der eg har bidratt med ein kronikk saman med 76 andre forfattarar. Boka tar føre seg digitalisering i skulen, og set søkjelys på både moglegheiter og utfordringar ved bruk av teknologi i utdanninga.

Logg på! inneheld 56 kronikkar frå elevar, foreldre, lærarar, forskarar og fagfolk. Her finn ein stemmer frå både praksisfelt og akademia – med bidrag frå BI, NTNU, UIS, USN, Statped, Uu-tilsynet og mange fleire. Organisasjonar som ADHD Norge, Dysleksi Norge, Elevorganisasjonen, FUG og Skolelederforbundet deler sine perspektiv. Det som bind alt saman, er eit ønske om å gje barn og unge eit best mogleg læringsmiljø – basert på kunnskap.
I min kronikk i boka, «Når skjermbruk byggjer på følelsar», peikar eg på korleis skjermdebatten i mange samanhengar har blitt driven av følelsar – ikkje innsikt.
I 2023 gjennomførte vi i Uu-tilsynet eit sektortilsyn med grunnskulen og digitale læremiddel. Seks kommunar og til saman 17 digitale løysingar blei kontrollerte – både kommunale nettsider og elleve av dei mest brukte digitale læremidla. Det blei avdekt brot på forskrifta i alle løysingane.
Teknologi må ikkje gjerast til syndebukken i skulen. For svært mange barn er digitale verktøy heilt avgjerande for å kunne delta i læring og utvikling. Dette gjeld særleg elevar med lese- og skrivevanskar, som er avhengige av funksjonar som talesyntese og diktering for å kunne uttrykkje seg og tileigne seg kunnskap på lik linje med andre.
Men teknologi handlar ikkje berre om å kompensere for ulike vanskar – den spelar òg ei viktig rolle i å skape læringsglede, vekkje nysgjerrigheit og fremje kreativitet. Når digitale verktøy blir brukte i samspel med gode pedagogiske metodar, kan dei ruste barn og unge for ei framtid der teknologien vil vere sentral.
Tilsyna våre har vist at manglande universell utforming framleis er ein alvorleg barriere. Skal vi sikre ein trygg og inkluderande digital oppvekst for alle, må arbeidet med betre og meir tilgjengelege løysingar vere målretta, systematisk – og ikkje minst kontinuerleg.
For å styrke læring og forbetring i sektoren har vi hatt dialogmøte med leverandørar og aktørar som IKT-Norge, Forleggerforeningen og KS, og deltatt i workshops og standardiseringsarbeid. Resultata frå sektortilsynet er delte med Skjermbruksutvalet, Riksrevisjonen og LDO, og alle rapportar og analysar er publisert på uutilsynet.no.
Les meir i kronikken min. Boka kjem i sal 20. mai, men kan allereie no førehandskjøpast her.
GAAD 2025 har temaet Committing to Change – og det er akkurat det vi må gjere. Vi må forplikte oss til å ta kunnskapsbaserte val, slik at teknologi kan brukast til å fremje inkludering og læring – for alle.

Malin Rygg
Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.