Hopp til hovudinnhald
27. april 2018

Denne veka var eg på konferansen Mangfoldsledelse 2018. Eg snakka om korleis universell utforming bevegar samfunnet og ga fem grunnar til kvifor universell utforming er nødvendig.

Her er mitt manus frå foredraget mitt på Mangfoldsledelse 2018. Konferansen er i regi av Seema AS som er leia av Loveleen Rihel Brenna.

Demografien endrar seg. Det veit vi. Vi blir fleire eldre. Fleire folk flyttar på seg mellom land. På denne konferansen snakka mange om kor viktig det er å rekruttere kvinner og personar med ein anna bakgrunn. For meg handlar dette i bunn og grunn om å utnytte potensialet som ligg i kvar enkelt. Det er mitt klare standpunkt at vi blir smartare, rikare og meir framtidsretta når vi klarer å utnytte breidden av folk i samfunnet vårt.

Og det er her universell utforming kjem inn som nok eit perspektiv. Dette handlar om å inkludere alle i samfunnet uavhengig av funksjonsevne. Norge har valt ein strategi for å ta universell utforming inn som eit virkemiddel for å bevege samfunnet i ei retning der alle er med.

Brukarane dine har ulike eigenskapar

Mitt fagfelt er ikt og universell utforming, men eg trur alle som sit her, kan sjå overføringsverdien til det som har vore tema i dag. Universell utforming handlar om å ta høgde for så mange av dei ulike behova som mogleg. Då må du kjenne brukarane dine. Dei er personar med eit sett med ulike eigenskapar, både nokon du kan kjenne deg att i og nokon som er annleis.

No skal eg liste opp fem grunnar til at universell utforming gir meirverdi for samfunnet.

Samfunnsøkonomisk

Kvardagen er digital. Regjeringa satsar på digitalisering – ikkje berre for å få betre tenester, men like viktig er ambisjonen om å drive ei meir effektiv forvaltning. For å oppnå dette, så er det ein føresetnad at flest mogleg kan bruke nye løysingar.

Like moglegheiter

Vi brukar å seie at universell utforming gir like moglegheiter. Men dette med å inkludere alle, det er ein tanke som ikkje er ny. I internetts spede begynnelse var dette klart. Han vi kallar oppfinnaren av Internett, Tim Berners Lee, har sagt at "Internetts styrke er at det er universelt. Tilgjengelighet for alle er essensielt, uavhengig av funksjonshemming." Tilgjengelegheit for alle er essensen av internett.

Og ta for eksempel Stephen Hawking. Han var rekna for å vere ein av verdens mest intelligente menn. Internett og digitale hjelpemiddel var jo på mange måtar ein føresetnad for at vi kunne ta del i hans tankar og idear. Men for å få det til å fungere, så var han avhengig av at andre kunne tenke tanken at ikkje alle nødvendigvis erfarer verden på samme måte som deg.

Mange eg snakkar med seier dei lagar løysingar for normale brukarar, og det synest eg er interessant, for kva er det? Finst normalbrukarar? Det er her eg brukar å snakke om USA og flyvåpenet på 40-talet som designa cockpit slik at den skulle passe til gjennomsnittsmål av alle pilotar. Men dermed passa det ikkje for nokon, og gjorde at pilotane ikkje greidde å styre flya sine. Så det er ingenting som heiter ein gjennomsnittleg pilot. Dersom du designar ein cockpit til å passe til ein gjennomsnittleg pilot, du har faktisk designa den til å ikkje passe til ein einaste ein.

Smart

Universell utforming er smart av mange grunnar, både for brukarane, men også for bedriftene. Designer du for nett, bør du designe for ytterpunkta. Tek du omsyn til brukarar med utfordringar som for eksempel synshemming, legg du til rette samtidig for små skjermar. Og dermed vil typiske brukarar i midten, den gjengse brukar, følgje med automatisk. På den måten har du favna alle.

Når eg er rundt og snakkar om universell utforming, ser eg at dei fleste tenker umiddelbart at dette handlar om å få dei blinde over på internett og at dei treng hjelp. Nokre reagerer då og lurer på kvifor dei skal halde på med dette, for dette er vanskeleg og eg vil gjere det eg pleier å gjere. Men Google for eksempel verdens største blinde brukar. Google brukar akkurat dei same verktøya for å finne innhald som ein blind som brukar skjermlesar. Dermed vil du også ha den fordelen at dersom du gjer nettsida di meir universelt utforma, kjem du lenger opp i søket på Google.

Lønnsamt

Universell utforming er ikkje berre lønnsamt for samfunnet, men også for bedriftene.

Microsoft har hatt som innebygd prosess at løysingane skal vere tilgjengelege for alle så langt det er mogleg frå starten av. Slagordet er å sette kvar person og kvar organisasjon i stand til å oppnå meir. Det skal inkludere alle – uavhengig av funksjonsevne. Dette sikkert omdømmemessig lurt av Microsoft, tenker eg, men eg har ingen tru på at dei gjer dette dersom det ikkje er lønnsamt.

Så det blir slik at dei som har tenkt på blinde brukarar frå starten av, dei har no ein kjempefordel og eg kan nemne andre selskap som har tenkt slik:

  • Facebook
  • Google
  • Microsoft
  • Amazon
  • Apple

Dei har nok ikkje gjort det av hjertets godheit. Meir fordi det er smart å tenke på eit vidare scope.

Nokon som var tidleg ute med dette med brukartilpasning, er Stormberg. Stormberg gjorde sida si universelt utforma før dette vart norsk lov. Det gav mellom anna gode resultat på salg via mobil. I 2014 tredobla salget på mobil seg - og universell utforming var ein strategi for å møte etterspurnaden på denne kanalen. Det lønna seg fordi dei har tenkt breidde frå starten av.

Framtidsretta

Universell utforming gir framtidsretta løysingar.

Teknologiutviklinga går veldig raskt. Du veit ikkje kva teknologi innhaldet ditt blir presentert på i 2021, eller kva yrker som er aktuelle i 2030. Få tenkte på appar i 2008.

Premissane for mykje av det vi gjer på nett, blir lagt andre stader i verda av globale selskap. Det kan vere ei felles utfordring – tenk Facebook-skandalen no i vinter. Og det kan vere felles løysing, tenk Microsoft.

Det handlar om å utvide malen, slik også forskar Marte Solheim var inne på før i dag. Eg er 100 prosent overbevist om at dei som kjem til å gjere det best framover, er dei som ikkje opererer berre innanfor ein snever del av verkelegheiten.

Det handlar ikkje om å berre henge med på dei siste teknologiane, men det handlar om å forstå kva verden dei opererer i, og då må du forstå folk.

Lovkrav

Uansett, om du ikkje syntest dei førre grunnane var spesielt gode, så er altså universell utforming av ikt eit lovkrav i Norge. Det er på mange måtar eit modig val som Norge har gjort; å opprette eit regelverk og eit tilsyn for universell utforming av ikt. I år er det 5 år sidan tilsynet vart oppretta og vi ser at det var eit viktig grep.

Vi har gått frå det andre land har som vi kallar soft law, der det handlar om at ting går framover på grunn av gode intensjonar, til å ha hard law der vi har moglegheit for sanksjonar. Det viser at vi som samfunn er villige til å sette kraft bak lovas formål om inkludering og likestilling.

Og det gjeld alle sektorar; statleg, kommunal, privat og frå i år er også skule- og utdanningsssektoren med. Og heldigvis for det.

Eg brukar å vise eit bilde av små ungar som spelar på nettbrett, og kommentere at dette er brukarane som skal ta i bruk våre løysingar om nokre få år. Dei kjem til å leve i eit demografisk sett anna land enn oss. Dei vil ha heilt andre forventingar il korleis ting fungerer. Både når dei kjem ut i arbeidslivet og til digitale tenester. Dei er vokst opp i en digital kvardag, og eg håpar at dei vil møte eit samfunn som har større breidde og der dei kan få brukt potensialet sitt, uavhengig av utgangspunkt.

Eg håpar dei kan møte samfunnet med ei innebygd holdning om at dersom samfunnet byr på stengsler så er det samfunnet det er nokon i vegen med, og ikkje dei.

Sjå presentasjonen i Slideshare.

Følg med på Mangfoldsledelse 2018 sine nettsider for videoopptak av deler av innlegget mitt.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
3 + 4 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.