Hopp til hovudinnhald

Tønsberg kommune rettar feil og unngår dagbøter 

Uutilsynet avslutta førre veke tilsynet med Tønsberg kommune og appen Min Skole. Feila vart retta innan fristen som vart sett i vedtaket om tvangsmulkt, og dagbøter blir derfor ikkje iverksett.

Etter ein kontroll uutilsynet gjennomførte i haust, vart det avdekka feil i Tønsberg kommune sin app Min Skole. Brota på krava inneber at appen ikkje var mogleg å bruke for alle, og Tønsberg kommune bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova.

Det gjensto feil i appen då fristen gjekk ut like før jul. Tønsberg kommune fekk ein ny frist til 7. januar om å rette alle feil, og dersom feila ikkje var retta innan fristen, ville kommune fått dagbøter på 35 000 kroner per verkedag. No har kommunen retta alle feil i god tid før fristen, i samarbeid med leverandøren Visma. Forbetringa av appen er også rulla ut til andre kommunar som brukar Min Skole-appen.

Om saka

Tilsynet har i haust ført kontroll med Tønsberg kommune, med appen Min Skole, som kommunen brukar i kommunikasjon mellom skule og føresette. Gjennomført kontroll avdekka brot på fem av seks lovkrav om universell utforming av ikt, som er suksesskriterium i standarden WCAG 2.0.

Tønsberg kommune fekk pålegg om retting etter tilsynet, med frist for å korrigere brota. Etter fristen gjekk ut, viser ein oppfølgingstest at det framleis var feil på tre av seks minstekrav.

Kommunen fekk vedtak om tvangsmulkt, og dagbøter ville gå kvar verkedag frå og med måndag 10. januar dersom ikkje alle feil var retta til 7. januar kl. 12.00.
Kommunen kom i mål med retting 30.12.2021 og unngår dagbøter.

Det er kommunen som har ansvaret for at løysingar som vert brukte etterlever krava til universell utforming av ikt, sjølv om desse er kjøpte av tredjepartar. Min Skole er levert av Visma og er i bruk av fleire kommunar i landet.

Kommunikasjonen mellom skulen og heimen må vere for alle

Dialogen mellom skule og føresette skjer ofte digitalt, og det er viktig at verktøy som skulen tek i bruk kan brukast av alle, uavhengig av funksjonsevne.

– Appen er i bruk av svært mange kommunar og når ei stor brukargruppe. Vi er glade for at Tønsberg kommune og Visma har korrigert dei siste feila, og forbetringa er også rulla ut til alle kommunane som brukar appen. Det er viktig at store leverandørar som leverer løysingar som mange verksemder brukar, er bevisste på krava om universell utforming og sørger for at produkta som blir levert, er i samsvar med lovkrava, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Les tilsynsrapporten

Endeleg tilsynsrapport er publisert på tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.

Regelverk om universell utforming av ikt

Sjå gjeldande regelverk og krav på tilsynet sin nettstad – uttilsynet.no.

Meir informasjon

For meir informasjon om tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet og om krava til universell utforming av ikt, sjå tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.

Pressespørsmål

For meir informasjon, ta gjerne kontakt:

Lovgrunnlag

Tvangsmulkt er gitt med heimel i lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven).

Forskrift om universell utforming av ikt.