Hopp til hovudinnhald

Helseplattformen AS vart ilagt dagbøter etter at Uu-tilsynet avdekte omfattande feil på nettstaden HelsaMi. Etter at dei siste feila vart retta, vert tilsynet no avslutta.

Laga: 23. desember 2025

Uu-tilsynet gjennomførte i juni tilsyn med Helseplattformen AS og nettstaden HelsaMi. Tilsynet avdekte 119 enkeltfeil innan 12 av 14 krav til universell utforming av ikt. Feila innebar brot på reglane i likestillings- og diskrimineringslova, som stiller krav om at digitale løysingar skal kunne brukast av alle. Helseplattformen AS fekk pålegg om retting og varsel om tvangsmulkt.

Då fristen for retting sett i pålegget gjekk ut 8. desember 2025, viste ein oppfølgingstest at det framleis stod att 64 feil. Dette førte til vedtak om tvangsmulkt, som vart sett i verk dersom feila ikkje var retta innan 19. desember 2025 kl. 12.00. Ein ny oppfølgingstest utført 19. desember, viste at seks feil framleis stod att, noko som utløyste dagbøter på 50 000 kroner frå og med 20. desember 2025.

Neste oppfølgingstest gjort 23. desember 2025, viser at dei siste feila er retta. Tilsynet med Helseplattformen AS vert derfor avslutta. Tvangsmulkta enda med dagbot i to dagar.

Helseplattformen AS er ansvarleg for den digitale helseløysinga HelsaMi, som blir brukt av om lag 425 000 innbyggarar i Midt-Noreg. Regelverket for universell utforming av ikt gjeld i Noreg for både offentleg og privat sektor, og tilsvarande krav gjeld også internasjonalt gjennom EUs webdirektiv (WAD) og Americans with Disabilities Act (ADA) i USA.

Tilsyn skal bidra til læring

– Det er bra at Helseplattformen AS har kome i mål med retting av dei feila som vart avdekte i tilsynet, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Vi håpar tilsynet har bidrege til læring om korleis verksemda kan styrke arbeidet med universell utforming framover, og at Helseplattformen AS held fram det gode arbeidet slik at digitale helsetenester blir tilgjengelege for alle.

Regelverk om universell utforming av ikt

Regelverket er forskrift om universell utforming av ikt, som har heimel i Likestillings og diskrimineringslova. Webdirektivet er innlemma etter 2021 og har gitt eit delt regelverk for offentleg og privat sektor. Tilgjengelegheitserklæring er eit krav for offentlege verksemder.

Pressespørsmål

Presse kan kontakte: