Hopp til hovudinnhald

Uu-tilsynet har gjennomført tilsyn med elleve digitale læremiddel som seks norske kommunar brukar. Alle kontrollane avdekka feil som går utover elevar.

Som følge av tilsyna har fem kommunar fått endeleg rapport og pålegg om retting. Tilsyn med ein kommune er framleis under arbeid. Løysingane som er kontrollert er i bruk i stort omfang i skuleverket og er levert av aktørar som Cappelen Damm, Aschehoug, Gyldendal og Schibsted. Manglande retting innan august vil føre til at kommunane kan risikere dagbøter frå tilsynet.

– Det er urovekkande at det er så mange og omfattande brot på krava i dei digitale læremidla som er testa. I praksis betyr det at elevar med for eksempel dysleksi, nedsett syn eller motorikk har ein skulekvardag der dei ikkje får bruke dei digitale læremidla slik som dei andre i klassen. Det fører til utanforskap, men utgjer også fare for at ein får dårlegare resultat eller læringsutbytte. Slik kan vi ikkje ha det, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

– Sjølv om nokre av feila som er avdekka er meir krevjande å rette, er dei fleste feila etter vår vurdering ikkje særleg kostnadskrevjande eller teknisk vanskeleg å korrigere. Alle feil kan korrigerast med etablerte framgangsmåtar for å ivareta krava til universell utforming av ikt, og vi håpar at tilsyn vil bidra til at leverandørane får dette raskt på plass.

Eksempel på feil

Tilsynet har avdekka feil som både er brot på lovkrav om universell utforming av digitale læremiddel og som får særleg konsekvensar for elevar med for eksempel dysleksi, nedsett syn eller høyrsel. Mange av feila er dei same som elevar sjølv har klaga på til Diskrimineringsnemnda. Når elevar med nedsett funksjonsevne ikkje kan bruke læremidla på like vilkår som andre, fører det for mange til at dei ikkje får delteke fullt ut i undervisninga på skulen.

Feila i løysingane gjer blant anna at elevar som har vanskeleg for å oppfatte visuelt innhald, ikkje alltid får same informasjon på annan måte. Elevar som har nedsett syn eller er fargeblinde, kan få utfordringar med å sjå innhaldet eller kva element som er i fokus. Dei som brukar skjermlesar for å få lese opp innhald, enten dei har synshemming, dysleksi eller andre lese- og skrivevanskar, vil ikkje alltid få lest opp innhald på grunn av feil i koden. Elevar som ikkje kan bruke datamus og som må navigere med tastatur, får ikkje alltid tak i alle element eller får ikkje alltid til å bruke innhaldet.

Kva og kven er testa

Kommunane vi har ført tilsyn med i vår er Bergen kommune, Stavanger kommune, Sunnfjord kommune, Trondheim kommune, Bodø kommune og Tromsø kommune.

Tilsynet har testa heimesidene til kommunane og i tillegg ei rekke digitale læremiddel:

  • Bergen kommune: Aski Raski, Brettboka og Aschehoug univers
  • Stavanger kommune: Skolen frå Cappelen Damm
  • Trondheim kommune: Salaby og Campus Matte
  • Tromsø kommune: Creaza og Unibok
  • Bodø kommune: Aftenposten junior skole og Showbie app

Tilsyn med Sunnfjord kommune og løysinga Multi Smart Øving er sett på vent på grunn av lansering av ny teknologisk plattform.

Tidsfrist

Tilsyna vart varsla i mars, og endelege rapportar med pålegg om retting var sendt i slutten av mai. Frist for å rette brot på krava er i august.

Les tilsynsrapportane på uutilsynet.no.

Regelverk om universell utforming av ikt

Sjå gjeldande regelverk og krav på tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.

Pressespørsmål

For mer informasjon, ta kontakt med: