NAV blir ilagt dagbøter

Tilsynet i Digdir gir NAV dagbøter for ikkje å ha retta alle feil som tilsynet fann i ein kontroll i fjor haust. Avvika er knytt til søknadsskjema for foreldrepengar. Etter tolv veker er feila som underbygde avvika ikkje lukka.

22. feb 2021

Avvika inneber at søknadsskjema for foreldrepengar ikkje kan brukast av alle, og NAV bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova. Dersom ikkje avvika er lukka innan ti dagar, må NAV betale bøter på 50 000 kroner per dag.

Om saka

Tilsynet i Digdir gjennomførte kontroll av foreldrepengeløysinga til NAV hausten 2020. Tilsynet avdekka totalt brot på til saman 10 av 19 suksesskriterium i standarden WCAG 2.0. Brota var samla i tre avvik og to merknader.

NAV fekk etter tilsynet pålegg om retting, og fekk ein frist på tolv veker for å korrigere avvika. Etter fristen gjekk ut, viser ein oppfølgingstest at det står att å rette ca. 40 prosent av feila som underbygde avvik.

NAV får no ti yrkedagar frå og med 19. februar 2021 til å rette feil som står att. Deretter vil det løpe dagbot kvar yrkedag frå og med 8. mars 2021. Dagbota er sett til 50 000 kroner. Frå og med april 2021 aukar dagbota med ti prosent per påbegynte kalendermånad.

Kva feil står att

Feila som står att, gjer skjemaet vanskelegare å bruke for alle og særleg for brukarar som er blinde eller har nedsett syn, nedsett motorikk eller kognisjon.

Tilsynet vurderer at feila som står att har moderate konsekvensar for brukarane av foreldrepengeskjemaet. Brukarane vil klare å sende inn skjemaet, men det vil ta lengre tid og vere vanskelegare å fylle ut skjemaet rett på første forsøk. Det vil også vere vanskelegare å forstå og korrigere eventuelle feil som oppstår. Det er særleg viktig at dette er i orden i eit langt og komplekst skjema, som har betydning for brukaren sine rettar og plikter knytt til foreldrepengar.

Slik tilsynet vurderer saka, vil det ikkje vere kostnadskrevjande eller teknisk vanskeleg å korrigere feila som står att. Desse kan rettast med etablerte framgangsmåtar for universell utforming av ikt.

Alle skal kunne sende søknad om foreldrepengar digitalt

- Nesten alle søknadene om foreldrepengar vert sendt digitalt. Skjemaet er mykje i bruk og alle brukarar bør forvente at dei kan søke digitalt, uavhengig av funksjonsevne, seier Malin Rygg, direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt.

- Vi forventar at NAV følger regelverket om universell utforming. NAV er i ei særstilling når det gjeld tilgang på ressursar, kunnskap og kompetanse om universell utforming av ikt internt i eiga verksemd. Når tilsynet avdekker svikt, forventar vi at avvika vert retta, seier Rygg.

Les tilsynsrapporten

Endeleg tilsynsrapport er publisert på tilsynets sider.

Regelverk om universell utforming av ikt

Sjå gjeldande regelverk og krav på tilsynet sin nettstad.

Meir informasjon

For meir informasjon og rettleiing om tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet og om krava til universell utforming av ikt, sjå tilsynet sin nettstad.

Pressespørsmål

For meir informasjon, ta gjerne kontakt:

Lovgrunnlag

Tvangsmulkt er gitt med heimel i lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven).

Forskrift om universell utforming av ikt.