Hopp til hovudinnhald

Du som offentleg verksemd skal ha tilgjengelegheitserklæring på dine nettstader frå neste år, og du må logge inn på uustatus.no for å lage erklæringa. Tilsynet skriv på fagbloggen om korleis tilsynet sjølv førebur seg.

Frå februar neste år må offentleg sektor ha tilgjengelegheitserklæring på sine nettstader. Mange kjenner til at ein nettstad har personvernerklæring, men det nye no er at det blir krav om tilgjengelegheitserklæring.

For å lage erklæring, er det obligatorisk å bruke tilsynets løysing uustatus.no. Tilsynet startar utsending av PIN-kodar for innlogging på uustatus.no 3. oktober.

Verksemdene må førebu seg ved å teste nettløysingane sine, og tilsynet har rettleiing på uutilsynet.no. Tilsynets fagblogg har i dag eit nytt innlegg om korleis tilsynet sjølv har førebudd seg med testing for å lage tilgjengelegheitserklæring for sine nettstader.