Uu-tilsynet lanserte i mai ein leverandørportal i uustatus.no. Den er frivillig å bruke, men den forenklar og sparar tid for både verksemder og leverandørar. No oppmodar tilsynet offentlege verksemder til å be leverandørane om å ta den i bruk.
Alle offentlege verksemder skal gjere ei årleg vurdering av kor tilgjengelege nettløysingane deira er, og dokumentere dette i ei tilgjengelegheitserklæring. Dette gjeld også for løysingar som offentlege verksemder kjøper frå private leverandørar. Erklæringane skal opprettast i uustatus.no.
Uu-tilsynet lanserte i mai ein leverandørportal i uustatus.no. Dette er funksjonalitet som kommunar og statlege verksemder har etterspurt lenge. Til no har rapporteringa vore tungvint og delt gjennom e-post og rekneark. Med den nye portalen kan leverandørane legge inn testresultat og vurderingar direkte i uustatus.no. Dette gjer det mogleg for offentlege verksemder å hente relevant informasjon rett frå portalen, i staden for å kontakte leverandørane kvar for seg.
– Vi oppmodar verksemdene til å be sine leverandørar om å ta i bruk portalen og legge inn samsvarsdata og testresultat. Den er frivillig å bruke, men den forenklar arbeidet med rapporteringa og sparar tid for både verksemder og leverandørar. Det blir mindre manuelt arbeid, og det blir lettare å sørge for at erklæringane er baserte på relevant, oppdatert informasjon. Vi håpar mange vil ta den i bruk, seier Dag Ove Eggum, produkteigar for tilgjengelegheitserklæringa.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål, sjekk rettleiinga på tilsynets sider. Her finn du svar på ofte stilte spørsmål i tillegg til meir om leverandørportal og tilgjengelegheitserklæring.
Sjå også pressemeldinga Ny løysing for leverandørar gir milliongevinst - 27. mai 2025.