Hopp til hovudinnhald

Ein ny portal sparar private leverandørar og offentleg sektor for over 100 000 arbeidstimar årleg. Uu-tilsynet lanserer i dag ei ny løysing for å forenkle samhandling og rapportering om universell utforming mellom private og offentlege verksemder.

Oppretta: 27. mai 2025

Alle offentlege verksemder skal gjere årleg vurdering av kor tilgjengelege nettløysingane deira er, og dokumentere dette i ei tilgjengelegheitserklæring på eigne nettsider. Dette gjeld også for løysingar som offentlege verksemder kjøper frå private leverandørar. Over 8000 slike erklæringar er til no oppretta i Digdir si løysing uustatus.no.

Til no har rapporteringa vore tungvint og delt gjennom e-post og rekneark. Med den nye portalen kan leverandørane legge inn testresultat og vurderingar direkte i uustatus.no. Dette gjer det mogleg for offentlege verksemder å hente relevant informasjon rett frå portalen, i staden for å kontakte leverandørane kvar for seg.

Mange digitale tenester i det offentlege er utvikla av private aktørar – og no kan desse aktørane bidra meir direkte inn i arbeidet med universell utforming.

Årleg effektivisering på 80 millionar kroner

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung seier følgande:

– I Noreg ønskjer vi eit samfunn der alle kan delta – også digitalt. Då treng vi at både offentlege og private aktørar jobbar saman for universell utforming i digitale løysingar. Den nye leverandørportalen vil gjere det enklare for offentlege verksemder og leverandørar å samarbeide om universell utforming. Denne løysinga sparer oss for meir enn 100 000 arbeidstimar kvart år, og gir oss ei årleg effektivisering på 80 millionar kroner.

Etterlengta løysing for kommunane

Kommunikasjonssjef i Sarpsborg kommune, Maren Lunde, ser fram til at leverandørane kan legge inn testgrunnlag direkte inn i uustatus.no. 

– Då kan vi enkelt hente inn opplysningane i våre eigne erklæringar, utan at vi må kontakte leverandøren for mindre avklaringar. Vi håpar også at dette kan gjere leverandørane meir bevisste på universell utforming. Det er viktig at vi saman jobbar for at nettsider og system skal være tilgjengelege for alle, seier ho.

Også Nordre Follo kommune ser fram til opning av leverandørportalen.
– Ein slik leverandørportal er etterlengta og vil gjere det enklare for oss å få på plass tilgjengelegheitserklæringane på ein god og effektiv måte! Vi har brukt mykje tid på å innhente vurderingar, noko som gjer at erklæringane blir oppdatert på ulike tidspunkt. Denne portalen vil gjere prosessen meir arbeidsøkonomisk og vi vil få meir kontroll. Heilt topp, seier nettredaktør Hanne Tungen i Nordre Follo kommune. Tilsynet har hatt løpande dialog med Kommunesektorens organisasjon, KS.

– Å leggje til rette for universell utforming for innbyggjarane må ha høg prioritet. Då treng vi støtte til gode prosessar for dei som skal gjere jobben både hjå leverandørane og i dei kommunale verksemdene. Denne utvidinga av uustatus.no vil forbetre og minske byrda med oppfølging betydeleg. Det er difor svært gledeleg at ei slik løysing no er på plass, seier avdelingsdirektør i KS, Asbjørn Finstad. 

Private verksemder har ikkje hatt tilgang til uustatus.no tidlegare. Det er berre offentlege verksemder som er lovpålagt å ha tilgjengelegheitserklæring for nettsider og appar, men mange private aktørar er leverandørar som har bidrege med samsvarsdata.

– Vi leverer tenester til mange offentlege verksemder, blant anna appen MinRenovasjon som blir brukt av nesten 200 kommunar. Direkte tilgang til uustatus.no gjer at vi kan legge inn samsvarsdata på vegne av kundane våre éin gong, og dermed sparer dei tid, samtidig som vi enklare held den oppdatert, seier Ingeborg Venås, fagdirektør design i Norkart.

Viktig verktøy for digital inkludering

Sikt og Utdanningsdirektoratet var tidleg ute med ei slik løysing for leverandørar til utdanningssektoren i Feide, og no kjem Uu-tilsynet med den nasjonale løysinga for alle sektorar. Sikt si løysing blir vidareført i den nasjonale løysinga. Tilgjengelegheitserklæringa er eit viktig verktøy for å sikre at digitale tenester er tilgjengelege for alle. Med leverandørportalen legg tilsynet betre til rette for at universell utforming blir ein naturleg del av utviklingsprosessen.

Pressespørsmål

For meir informasjon eller intervju, ta gjerne kontakt:

Andre spørsmål

Har du spørsmål om tilgjengelegheitserklæringa eller har andre spørsmål til universell utforming av ikt, send gjerne ein e-post til post@uutilsynet.no.