Digitale barrierar avdekka i tilsyn

Brot på regelverket om universell utforming av ikt-løysingar, inneber at det i samband med tilsyn er avdekka manglande samsvar med eitt eller fleire enkeltkrav/suksesskriterium i standarden Web Content Accessibility Guidelines (WCAG), som det er vist til i forskrift om universell utforming av ikt.

Dei vanlegaste regelverksbrota

Diagrammet viser prosentandelen avslutta tilsyn der det er avdekka brot på enkeltkrav (suksesskriterium) i regelverket for universell utforming av ikt. Vi har teke med krav som har inngått i minst 10 tilsyn, og der regelverksbrot er avdekka i minst 50 % av tilsyna.

Utfyllande informasjon om dei vanlegaste regelverksbrota

Forklaringane til omfanget av regelverksbrot er lista opp i same rekkefølge som i diagrammet.

  • Namn, rolle, verdi (4.1.2): Brot på regelverket i 95 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er at brukargrensesnittkomponentar skal vere tilgjengelege for personar som brukar hjelpemiddelteknologi.
  • Informasjon og relasjonar (1.3.1): Brot på regelverket i 93 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er at informasjon og relasjonar som kan bli oppfatta av dei som kan sjå og/eller høyre, også er tilgjengeleg for andre brukarar.
  • Kontrast (1.4.3): Brot på regelverket i 86 % av tilsyna der kravet inngår. Tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn skal ivareta brukarar med moderat nedsett syn og/eller redusert fargesyn.
  • Ledetekstar eller instruksjonar (3.3.2): Brot på regelverket i 86 % av tilsyna der kravet inngår. Skjemafelt skal ha ledetekstar og instruksjonar slik at brukarane forstår korleis eit skjema skal fyllast ut.
  • Tastatur (2.1.1): Brot på regelverket i 84 % av tilsyna der kravet inngår. Kravet skal legge til rette for at nettsider skal brukast av dei som ikkje navigerer ved hjelp av mus og dei som brukar alternativ til tastatur, for eksempel taleinput, brytarstyring og skjermtastatur.
  • Synleg fokus (2.4.7): Brot på regelverket i 83 % av tilsyna der kravet inngår. Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering.
  • Ikkje tekstleg innhald (1.1.1): Brot på regelverket i 82 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er å sikre at for eksempel ein person som ikkje kan sjå bilde, får lese opp eit tekstalternativ som formidlar det same innhaldet.
  • Parsing (4.1.1): Brot på regelverket i 81 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er å sikre rett kodesyntaks slik at nettsider oppfører seg på ein føreseieleg og påliteleg måte i ulike brukaragentar, som for eksempel nettlesar, skjermlesar og annan hjelpemiddelteknologi.
  • Identifikasjon av feil (3.3.1): Brot på regelverket i 79 % av tilsyna der kravet inngår. Ved feil i utfylling av skjema, skal brukaren få presis feilmelding i form av tekst, om at ein feil har oppstått, kva som er feil og kvar feilen er.
  • Teksting (1.2.2): Brot på regelverket i 70 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er at personar som er høyrselshemma eller døve får tilgang til informasjonen i form av tekst, tilsvarande den som vert formidla som lyd i førehandsinnspelte videoar.
  • Endring av tekststørrelse (1.4.4): Brot på regelveket i 69 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er å legge til rette for at personar med moderat nedsett syn, kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.
  • Bruk av farge (1.4.1): Brot på regelverket i 63 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er å ivareta brukarar som har problem med å oppfatte informasjon som er formidla gjennom farge/fargeforskjellar.
  • Hoppe over blokker (2.4.1): Brot på regelverket i 59 % av tilsyna der kravet inngår. Brukaren skal kunne navigere sekvensielt gjennom innhaldet, og på denne måten få meir direkte tilgang til hovudinnhaldet på sida.
  • Pause, stopp, skjul (2.2.2): Brot på regelverket i 50 % av tilsyna der kravet inngår. Det skal vere mogleg å stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, som for eksempel film, animasjonar, spel i sanntid, automatiske oppdateringar med meir. Dette skal ivareta brukarar som har utfordringar med konsentrasjon.

Utfyllande informasjon om retningslinjer og krav det er avdekka brot på, finn du under diagramma for kvar av dei aktuelle retningslinjene.

Krav om tekstalternativ til ikkje-tekstleg innhald

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 1.1 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Ikkje-tekstleg innhald (1.1.1): Brot på regelverket i 82 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er å sikre at for eksempel ein person som ikkje kan sjå bilde, får lese opp eit tekstalternativ som formidlar det same innhaldet.

Krav om alternativ til tidsbaserte medium (lyd og video)

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 1.2 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Teksting (1.2.2): Brot på regelverket i 70 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er at personar som er høyrselshemma eller døve får tilgang til informasjonen i form av tekst, tilsvarande den som vert formidla som lyd i førehandsinnspelte videoar.

Krav om at innhald skal tilpassast slik at det kan presenterast på ulike måtar

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 1.3 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Informasjon og relasjonar (1.3.1): Brot på regelverket i 93 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er at informasjon og relasjonar som kan bli oppfatta av dei som kan sjå og/eller høyre, også er tilgjengeleg for andre brukarar. Då må for eksempel overskrifter, tabellar, skjemaelement og ledetekstar kodast i samsvar med den visuelle presentasjonen, slik at dei kan oppfattast ved bruk av kompenserande teknologi/datahjelpemiddel.

Krav om at det skal vere mogleg å skille forgrunn frå bakgrunn

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 1.4 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Bruk av farge (1.4.1): Brot på regelverket i 63 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er å ivareta brukarar som har problem med å oppfatte informasjon som er formidla gjennom farge/fargeforskjellar.
  • Kontrast (1.4.3): Brot på regelverket i 86 % av tilsyna der kravet inngår. Tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn skal ivareta brukarar med moderat nedsett syn og/eller redusert fargesyn.
  • Endring av tekststørrelse (1.4.4): Brot på regelveket i 69 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er å legge til rette for at personar med moderat nedsett syn, kan lese tekst utan bruk av hjelpemiddel.

Krav om at all funksjonalitet er tilgjengeleg med tastatur

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 2.1 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Tastatur (2.1.1): Brot på regelverket i 84 % av tilsyna der kravet inngår. Kravet skal legge til rette for at nettsider skal brukast av dei som ikkje navigerer ved hjelp av mus og dei som brukar alternativ til tastatur, for eksempel taleinput, brytarstyring og skjermtastatur.
  • Ingen tastaturfelle (2.1.2): Brot på regelverket i 9 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet med kravet er å hindre at brukarar blir ståande fast i eit element på nettsida når dei navigerer ved hjelp av tastaturet.

Krav om at brukarane har nok tid til å lese og bruke innhald

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 2.2 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Pause, stopp, skjul (2.2.2): Brot på regelverket i 50 % av tilsyna der kravet inngår. Det skal vere mogleg å stoppe, pause eller skjule innhald som bevegar seg, for eksempel film, animasjonar, spel i sanntid, automatiske oppdateringar med meir. Dette skal ivareta brukarar som har utfordringar med konsentrasjon.

Krav om at det er mogleg å navigere, finne innhald og vite kvar på nettsida ein er

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 2.4 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Hoppe over blokker (2.4.1): Brot på regelverket i 59 % av tilsyna der kravet inngår. Brukaren skal kunne navigere sekvensielt gjennom innhaldet, og på denne måten få meir direkte tilgang til hovudinnhaldet på sida.
  • Sidetitlar (2.4.2): Brot på regelverket i 100 % av tilsyna der kravet inngår. Når kvar nettside har beskrivande sidetittel, vil brukarane lettare orientere seg og finne relevant innhald på nettstaden.
  • Fokusrekkefølge (2.4.3): Brot på regelverket i 14 % av tilsyna der kravet inngår. Når fokus ved tastaturnavigasjon følger den visuelle leserekkefølga, vil nettsida bli presentert i same rekkefølge som ved andre navigasjonsmåtar.
  • Formål med lenke (2.4.4): Brot på regelverket i 40 % av tilsyna der kravet inngår. Lenker skal vere formulerte slik at brukaren får informasjon om formålet med lenka.
  • Fleire måtar (2.4.5): Brot på regelverket i 17 % av tilsyna der kravet inngår. Nettsider og innhald/funksjonalitet på nettsider, skal kunne nåast på fleire måtar, tilpassa den enkelte sine behov. Dette kan vere gjennom lenker, søkefunksjonalitet, nettstadkart og liknande.
  • Overskrifter og ledetekstar (2.4.6): Brot på regelverket i 25 % av tilsyna der kravet inngår. Når overskrifter og ledetekstar/etikettar er klare og beskrivande, er det lettare for brukarane å finne relevant informasjon.
  • Synleg fokus (2.4.7): Brot på regelverket i 83 % av tilsyna der kravet inngår. Ved tastaturnavigasjon skal innhald brukaren navigerer til, ha synleg fokusmarkering. Dette skal hjelpe brukaren til å orientere seg på sida og identifisere innhald.

Krav om at nettsider vert presenterte og fungerer på føreseielege måtar

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 3.2 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Fokus (3.2.1): Det er ikkje avdekka brot på regelverket i tilsyna der kravet inngår. Komponentar som kan aktiverast, skal ikkje gi endra kontekst berre ved at dei får fokus. Endra kontekst skal skje berre når brukaren aktivt gjer ei handling.
  • Inndata (3.2.2): Brot på regelverket i 36 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er at konsekvensar av for eksempel å krysse av i ein avkryssingsboks, eller legge inn data i eit skjemafelt, skal vere føreseielege og kjende for brukaren.

Krav om hjelp til brukarane med å unngå og rette opp feil

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 3.3 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Identifikasjon av feil (3.3.1): Brot på regelverket i 79 % av tilsyna der kravet inngår. Ved feil i utfylling av skjema, skal brukaren få presis feilmelding i form av tekst, om at ein feil har oppstått, kva som er feil og kvar feilen er.
  • Ledetekstar eller instruksjonar (3.3.2): Brot på regelverket i 86 % av tilsyna der kravet inngår. Skjemafelt skal ha ledetekstar og instruksjonar slik at brukarane forstår korleis eit skjema skal fyllast ut.
  • Forslag ved feil (3.3.3): Brot på regelverket i 50 % av tilsyna der kravet inngår. Når feil ved utfylling av skjema vert avdekka, skal brukaren (så langt det er mogleg) få forslag til retting.
  • Forhindring av feil (3.3.4): Det er ikkje avdekka brot på regelverket i tilsyna der kravet inngår.

Krav om best mogleg kompatibilitet med brukaragenter (inkl. hjelpemiddelteknologi)

Diagrammet viser antal tilsyn der krav som tilhøyrer retningslinje 4.1 inngår, og talet på tilsyn der det er avdekka brot med krav som er knytt til denne retningslinja.

Kort oppsummert

  • Parsing (4.1.1): Brot på regelverket i 81 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er å sikre rett kodesyntaks slik at nettsider oppfører seg på ein føreseieleg og påliteleg måte i ulike brukaragentar som for eksempel nettlesar, skjermlesar og annan hjelpemiddelteknologi.
  • Namn, rolle, verdi (4.1.2): Brot på regelverket i 95 % av tilsyna der kravet inngår. Formålet er at brukargrensesnittkomponentar som for eksempel skjemaelement og knappar, skal vere tilgjengelege for personar som brukar hjelpemiddelteknologi.