Hopp til hovudinnhald

Bruk av digitale læremiddel og ikt-løysingar i grunnskulen

På oppdrag frå Uu-tilsynet har Oslo Economics gjennomført ei kartlegging av bruk av digitale løysingar i opplæringssektoren. Kartlegginga viser bruk av digitale læremiddel, læringsplattformer og andre digitale læringsressursar. I alt 232 grunnskular over heile landet har delteke i undersøkinga.

Dei 30 mest brukte digitale læremidla og læringsressursane

Diagrammet viser ei oversikt over dei 30 mest brukte digitale læremidla og læringsressursane. Leverandør av læremidla og læringsressursane står i parentes.

Kort oppsummert

  • Digitale læremiddel er nettbaserte reiskapar brukt i pedagogisk arbeid og utvikla for læringsaktivitetar. Digitale læringsressursar er nettbasert innhald som ikkje nødvendigvis er utvikla for bruk i skulen, men som vert nytta i undervisning og læring. Bruk av NRK skole, YouTube, Book Creator, Salaby og Office-programma verkar å vere særleg utbreidd i grunnskulane som deltok i kartlegginga.
  • Det er dei gratis læremidla og læringsressursane som dei fleste skulane opplyser om at dei brukar i undervisninga.

Kjelde: Oslo Economics

Dei mest brukte digitale læringsplattformene

Diagrammet viser ei oversikt over dei 15 mest brukte digitale læringsplattformene. Leverandør av læringsplattformene er sett i parentes. Digitale læringsplattformer er løysingar for å administrere brukarar og organisere læringsinnhald.

Kort oppsummert

  • Microsoft sine plattformer er i bruk av særleg mange grunnskular. Office 365 er i bruk i 68 % av skulane som deltok i undersøkinga, Microsoft Teams i 64 % og OneNote i 49 % av skulane.
  • Visma Flyt Skole, Showbie og Google sine plattformer er også brukt av mange skular, mellom 22 og 36 % av skulane i undersøkinga oppgav at dei brukte desse løysingane.

Kjelde: Oslo Economics

Dei mest brukte samhandlingsløysingane

Diagrammet viser ei oversikt over samhandlingsløysingane som vert brukte i skulane som deltok i kartlegginga. Dette er løysingar som kan brukast for fjernundervisning eller møteverksemd, men som også vert nytta til utveksling av dokument. Leverandør av læringsplattformene er sett i parentes.

Kort oppsummert

  • 75 % av skulane i undersøkinga brukar Microsoft Teams som samhandlingsløysing.
  • 30 % av skulane brukar Visma Flyt Skole.
  • 20 % brukar Google Meet.
  • Andre digitale løysingar for samhandling vert brukte av færre enn 10 % av skulane i undersøkinga.

Kjelde: Oslo Economics

Dei mest brukte digitale einingane

Diagrammet viser prosentdel elevar med tilgang til eigne digitale einingar, fordelt på utvalde klassesteg.

Kort oppsummert

  • 93 prosent av elevane i grunnskulen har tilgang til eiga digital eining som for eksempel nettbrett, pc eller Mac.
  • Dei eldste elevane har best tilgang. Medan 20 prosent av førsteklassingane er utan eiga digital eining, er tilsvarande tal for tiande klasse berre éin prosent.
  • Bruk av ulike typar digitale einingar endrar seg med alderen. Nettbrett dominerer i småskulen. Berbar pc eller Mac dominerer bruken i tiande klasse.

Kjelde: Fakta om grunnskulen 2023–2024