Hopp til hovudinnhald
13. september 2017

I Norge skal alle nettløysingar, appar og automatar følge krav til universell utforming. Er du innkjøpar, må du derfor vite litt om korleis du set krav til universell utforming i di anskaffing.

EU har gjennom standarden EN 301 549 sett krav til universell utforming ved offentlege anskaffingar av ikt. Direktivet vart vedtatt i 2014 og er gjort til del av det norske regelverket.

Microsoft og konsulentselskapet Funka har laga ei rettleiing i form av 13 korte infofilmar: ”Accessibility requirements suitable for public procurement of ICT products and services in Europe: EN 301 549”.

Filmane er spreidd til mange land. Dei er på engelsk, og dei blir no utvida med versjonar på fleire språk, mellom anna på norsk.

Vi i Digdir har bidratt med norsk teksting av filmane. Dette er ein fin anledning for innkjøparar i Norge til å sette seg inn i korleis du tek med universell utforming i IKT-anskaffingar. Dette er noko vi får mange spørsmål om, og vi tenker at mange vil få nytte av filmane.

Filmene er gratis for alle som vil bruke dei, så lenge det ikkje er for kommersielle formål.

Introduksjon til EN 301 549

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
2 + 1 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.