Hopp til hovudinnhald

Vi lanserer ein nasjonal indeks for digital inkludering. Regjeringa vil at alle skal vere inkluderte og ha lik tilgang, men mange opplever at digitale tenester er vanskelege å bruke. DI-indeksen viser kor vi er komne lengst og kor vi må styrke innsatsen.

Laga: 03. juli 2025
I dag lanserer vi nasjonal indeks for digital inkludering (DI). Regjeringa vil at alle skal vere inkluderte og ha lik tilgang. Samtidig er det store forskjellar i korleis folk tek del i den digitale utviklinga, og mange opplever at digitale tenester er vanskeleg å bruke.
I DI-indeksen vil vi følgje utvikling i digital inkludering over tid. Vi ser på kva utfordringar innbyggarane møter på ulike område som kvar for seg og til saman har avgjerande innverknad på digital inkludering.
  1. Tilgang til internett, ikt-utstyr og eID
  2. Bruk av offentlege og private digitale tenester
  3. Brukarvennlegheit og universell utforming
  4. Digital kompetanse og ferdigheiter
  5. Tillit til teknologi og myndigheiter
Hittil har vi sett på data frå 2023. Dette gir oss eit grunnlag for å måle endring over tid. Vi oppdaterer indeksen når data frå 2025 ligg føre. Slik bygger vi heilskap og samanheng i kunnskap om individuelle føresetnader og systemskapte barrierar for digital inkludering over tid. DI-indeksen er eit samarbeid mellom Uu-tilsynet og Nkom.