Hopp til hovudinnhald

Er nettsider og appar i helsesektoren tilgjengeleg for alle? I 2025–2026 har Uu-tilsynet gjennomført eit større sektortilsyn med helsesektoren, og rapport om sektortilsynet blir lansert hausten 2026.

Laga: 17. august 2026

I september lanserer vi ein rapport frå sektortilsynet vi har gjennomført med helsesektoren. Eit sektortilsyn inneber at verkemiddel som kontrollar, områdeovervaking, kartleggingar og rettleiing vert retta inn mot å betre digital deltaking i helsesektoren i perioden.

Tilsynet har henta inn informasjon gjennomført kartlegging og dialog med ulike aktørar, og ført tilsyn med private og offentlege verksemder i helsesektoren.

Kvifor helsesektoren?

Helsesektoren tilbyr digital informasjon og tenester retta mot innbyggarar, som er svært viktige for den enkelte. At digital informasjon og tenester er i tråd med regelverket om universell utforming av ikt, er avgjerande for å sikre likeverdig samfunnsdeltaking.

I nasjonal e-helsestrategi frå Helsedirektoratet er mål 1 «Aktiv medvirkning i egen og næres helse». Målet er sett opp i fem ulike delmål med vegkart. Fleire av delmåla bygger på at digital informasjon og tenester innan helsesektoren er universelt utforma og brukarvennleg for innbyggarane.

– Likeverdig tilgang til digitale helsetenester handlar om meir enn at ei nettside eller ein app skal vere enkel å bruke. Det handlar om at alle skal kunne få informasjon, kommunisere med helsetenesta og ivareta eigne interesser på ein sjølvstendig måte. I møte med helsetenesta deler vi ofte svært personlege opplysningar, og då må vi kunne bruke dei digitale tenestene utan å vere avhengige av hjelp frå andre. Retten til privatliv er ein menneskerett, og universell utforming er viktig for at denne retten skal vere reell for alle, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Tilsyn med nettstader og appar

Ramma for tilsyn er nettstader og appar retta mot innbyggarar. Det omfattar også informasjon og tenester som ligg bak innlogging eller autentisering.

Vi har ikkje ført tilsyn med nettstader, appar og fagsystem for helsepersonell og tilsette, eller informasjonsutveksling mellom ulike verksemder i helsesektoren. Vi har heller ikkje sett på velferdsteknologi i denne omgangen.

Lansering av rapport

I slutten av september lanserer vi sektortilsynsrapporten som samlar opp alle funn og analysar vi har gjort i sektortilsynet. Meir informasjon om dato og arrangement kjem.