I dag lanserer vi forenkla kontroll, som er ein årleg kontroll av rundt 250 verksemder i offentleg sektor.
Den forenkla kontrollen er ei fullautomatisk testing der vi gjer ein forenkla test av halvparten av lovkrava til universell utforming. Dei krava vi testar i denne kontrollen, er krav som kan testast automatisk, og kontrollen skil seg såleis ut frå den manuelle testen vi gjer i tilsyn.
Gjennomføringa av forenkla kontroll er ein del av oppfølginga av webdirektivet som var innført i 2021, og tilsvarande kontrollar blir derfor gjennomført også årleg i andre europeiske land.
Første runde var i september og no kan du sjå resultata på våre nettsider.
Vi testar berre verksemder i offentleg sektor i denne typen kontroll. Verksemder får ikkje beskjed dersom dei er med i kontrollen, og kontrollen fører ikkje til reaksjonar frå tilsynet.