Om forenkla kontroll av nettstader
Forenkla kontroll er årlege kontrollar av rundt 250 nettstader i offentleg sektor. Testinga skjer fullautomatisk og gjeld delar av krava. Her kan du lese meir om kontrollen, kva vi testar og kva resultata betyr.
Kva er forenkla kontroll?
Dette er ein kontrolltype der testinga skjer automatisk. Den gjeld eit utval av krava i regelverket, og rettar seg mot verksemder i offentleg sektor. Vi testar berre dei delane av eit krav som er mogeleg å teste heilt automatisk.
Forenkla kontroll vil skje årleg, og omfattar rundt 250 nettstader. Første runde vart gjennomført i september 2025. Verksemder som er med i forenkla kontroll, får ikkje beskjed om det.
Brot på krava fører ikkje til reaksjonar frå tilsynet.
Kva seier resultata?
Kvar nettstad får ein samla score basert på resultata frå den automatiske testinga.
Totalt er det testa mot 14 av 47 krav, kalla suksesskriterium i WCAG-standarden. Det er berre delar av kvart krav som er sjekka, fordi testinga er heilt automatisk. At ein får 100 i score på eit krav, betyr at det som er testa automatisk, er i orden. Den inneber ikkje at kravet som sådan er oppfylt.
I tabellen som viser gjennomførte forenkla kontrollar, kan du laste ned resultata i Excel-format, per verksemd. For å forstå begrepa i tabellen, kan du sjå lengre ned på denne sida om kva og korleis vi testar.
Om scoren
Resultat av den automatiske testen gir ein
- score for nettstaden samla
- score per krav (suksesskriterium i WCAG)
- score per testregel (QW-ACT-rule)
Scoren vert rekna ut i to steg. Først reknar vi ut samsvarsprosenten for nettstaden for kvar testregel. Ut frå samsvarsprosenten per testregel, reknar vi ut gjennomsnittet for å komme fram til score per suksesskriterium eller for nettstaden totalt.
Kva testar vi?
Vi testar 14 av 47 krav i WCAG-standarden.
Desse krava er testa:
- 1.1.1 Ikke-tekstlig innhold
- 1.3.1 Informasjon og relasjoner
- 1.3.4 Visningsretning
- 1.3.5 Identifiser formål med inndata
- 1.4.3 Kontrast (minimum)
- 1.4.4 Endring av tekststørrelse
- 1.4.12 Tekstavstand
- 2.1.1 Tastatur
- 2.2.1 Justerbar hastighet
- 2.4.2 Sidetitler
- 2.5.3 Ledetekst i navn
- 3.1.1 Språk på siden
- 3.1.2 Språk på deler av innhold
- 4.1.2 Navn, rolle, verdi
Korleis testar vi?
Vi brukar testreglar for å teste dei 14 krava. Kvar testregel beskriv ein konkret test som kan gjerast automatisk. Testregelen definerer kva som er samsvar, altså bestått, eller ikkje i samsvar, altså eit brot. For å teste dei 14 krava, er det brukt 30 testreglar.
Vi testar ved hjelp av testverktøyet Qualweb (QW). I resultattabellen kan du sortere på testreglane, som på engelsk heiter ACT-rules (Accessibility Conformance Testing rules).
Testinga er avgrensa til den delen eller dei delane av kravet som kan sjekkast heilt automatisk. For eksempel vil testregelen i Qualweb sjekke om det finst eit alt-attributt i koden til bilder og illustrasjonar, men den vurderer ikkje kvaliteten på den alternative teksten.
Automatisk testing bygger på ei rekke praktiske forenklingar og føresetnader, men gjer at ein kan teste eit stort volum.
Resultata av den forenkla kontrollen er som hovedregel korrekte. Dei kan likevel innehalde feil, sidan testinga er automatisk.
Om testverktøyet Qualweb
Det finst mange verktøy for automatisk testing. Uu-tilsynet bruker Qualweb fordi det bidreg til ei felles forståing av krava i WCAG-standarden. Det inneber at verksemdene i større grad blir testa og vurdert likt, og det er tydelegare kva føresetnader som er bygd inn i verktøyet.
Qualweb (engelsk) er eit automatisk testverktøy utvikla av portugisiske myndigheiter, i samarbeid med universitetet i Lisboa. Det er først og fremst laga for å gjere forenkla kontrollar etter EU sitt webdirektiv (WAD). Fleire myndigheitsorgan i Europa har eigne implementeringar av verktøyet.
Qualweb brukar Accessibility Conformance Testing (ACT)-rule (engelsk).
ACT-reglar er W3C-godkjente og dokumenterte testreglar for testing av samsvar for nettinnhald og standardar for universell utforming, for eksempel WCAG.
Ein gratis onlineversjon av Qualweb (engelsk), og eit nettlesartillegg for Chrome (engelsk), kan brukast av alle.
Korleis finn vi sider for test?
Vi brukar automatisk crawling for å finne nettsider for testing. Det er testa inntil 2000 nettsider per nettstad. Crawleren plukkar berre ut opne nettsider, og ikkje nettsider bak innlogging.
- Framsida på nettstaden er alltid med
- Crawleren finn nettsider ved å følge lenker i sidehierarkiet
Korleis vel vi verksemder og nettstader for testing?
Utvalet er trekt på grunnlag av nettstader som har tilgjengelegheitserklæring i uustatus.no.
Verksemder og nettstader er
- fordelt etter geografi
- fordelt mellom ulike nivå i forvaltninga
- og dekker breidda av tenester i offentleg sektor
Frå 2026 skal utval av nettstader vere slik:
- Minst 50 prosent av nettstadene skal vere nye i utvalet, samanlikna med året før
- Minst 10 prosent av nettstadene som var med året før, skal sjekkast på nytt
Kvifor forenkla kontroll?
Automatisk testing gjer oss i stand til å gjennomføre effektive kontrollar av mange verksemder og nettstader årleg.
Vi brukar informasjonen frå forenkla kontroll til ulike føremål som
- analyse og statistikk
- prioriteringar framover, for eksempel i tilsyn
- rapportering til ESA/EU
Brot på krava fører ikkje til reaksjonar frå tilsynet. Vi deler resultata slik at verksemdene kan bruke dei i sitt kvalitetsarbeid.