Hopp til hovudinnhald
14. september 2022

På Arendalsveka tok eg ein prat med mange gode folk om digitalt utenforskap, og vi deler videointervjua her på bloggen. Direktør i Nav, Hans Christian Holte, er dagens namn.

Digitalt sårbare treng ofte hjelp frå pårørande eller andre.​ I ein ny rapport frå Sintef levert på oppdrag frå Nav, kjem det fram at byråkratisk kompetanse er eit større hinder enn digital kompetanse. Men alder, dårleg økonomi, låg norskkunnskap, låg tilknyting til arbeidslivet eller nedsett funksjonsevne kan gjere at du fell utanfor digitalt.​ Så kva skjer når kvardagen er stadig meir digital? Vi les nyheiter på nett, betalar rekningar i nettbank, bestiller e-reseptar, loggar oss på jobb og undervisning er ofte digital. Fleire enn du trur heng ikkje med, og digitalt utanforskap er eit stadig større problem. Skapar vi eit klassedelt samfunn?

Under Arendalsveka møtte eg mange innan forsking, bransje- og brukarorganisasjonar, leiing i offentleg sektor og politikk som har gode tankar rundt dette temaet, og eg stilte dei tre spørsmål:

  • Kor stor utfordring har vi med digitalt utanforskap i dag?
  • Kva tenker du er den viktigaste grunnen til utfordringane?
  • Kva tenker du vi bør satse på for å gi alle like moglegheiter for deltaking?

Vi deler intervjua her på bloggen, og direktør i Nav, Hans Christian Holte, er dagens namn.

– Vi må kunne gi tenester til alle som skal ha tenester, og det er viktig at alle får lik tilgang til tenestene. Vi må ha låg terskel for bruk, seier Hans Christian Holte.

Vil du lese meir om universell utforming av ikt og digitalt utenforskap, sjekk gjerne ut tilsynets statistikksider om den digitale brukaren og utanforskap. Dersom du er utviklar, designer, redaktør eller produserer innhald, bruk gjerne rettleiinga vår om universell utforming av ikt som har forslag til løysingar, e-læringskurs og infofilm.

Portrettfoto av Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Malin Rygg

Malin Rygg er direktør i Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet. Malin er jurist med erfaring frå blant anna Konkurransetilsynet og har tidlegare jobba som advokat og dommar.

Forfattar

Portrettfoto av Malin Rygg
Malin Rygg
Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet

Kommenter

Felt merka med ei raud stjerne (*) er obligatoriske.

Innhaldet i dette feltet er privat og kan ikkje lesast av andre.
Er du eit menneske?
7 + 7 =
Løys dette enkle mattespørsmålet og skriv inn svaret. For eksempel: For 1+3, skriv inn 4.