Hopp til hovudinnhald

Med innføringa av EUs webdirektiv (WAD) i norsk rett blir EN 301 549 og WCAG 2.1 sentrale dokument for å definere dei tekniske krava. No er standardane klare på norsk, og krava er dermed meir tilgjengelege for brukarar, pliktsubjekt, utviklarar og andre som vil setje seg inn krava til ikt-løysingar. 

21. juni 2021

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) gav i andre halvdel av 2020 Tilsynet for universell utforming av ikt i Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) i oppdrag å utarbeide norskspråklege versjonar av EN 301 549 og WCAG 2.1. Bakgrunnen for dette var at EN 301 549 har fått status som harmonisert standard gjennom ei gjennomføringsrettsakt til EUs webdirektiv (WAD).

Harmoniseringa inneber at ein legg til grunn at ei løysing som er i samsvar med krava i EN 301 549, også er i samsvar med krava i WAD. EN 301 549 tek inn i seg krav frå WCAG 2.1 på nivå A og AA, noko som er bakgrunnen for at også WCAG 2.1 er omsett til norsk.

Samarbeid

EN 301 549 og WCAG 2.1 er i utgangspunktet to uavhengige dokument. Omsetjingane har som ein følgje av dette, følgt to ulike formelle prosessar fram mot autorisering.

Det er W3C som står bak WCAG 2.1. Prosessen fram mot ei autorisert norskspråkleg omsetjing av WCAG 2.1 har derfor følgd W3Cs føringar for omsetjingar. Digdir har i samband med dette hatt status som Lead Translate Organisation (LTO) og slik leia denne prosessen fram til den formelle autorisering som har skjedd av W3C.

EN 301 549 er ein standard som er utarbeidd av dei tre europeiske standardiseringsorganisasjonane ETSI, CEN og CENELEC. Digdir innleia eit samarbeid med Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) hausten 2020, som er nasjonalt standardiseringsorgan (NSO) for ETSI-standardar i Noreg. Som NSO har Nkom vore ansvarleg for kvalitetssikringa av norskspråklege omsetjingar av EN 301 549.

Nkom og Digdir har arbeidd tett saman om både EN 301 549 og WCAG 2.1, og har saman med Universell utforming AS utgjort arbeidsgruppa. I tillegg har bidraga frå referansegruppa vore avgjerande for at resultatet har blitt så bra som det er. Referansegruppa har bestått av nøkkelpersonar innan universell utforming frå både akademia, brukarorganisasjonar, offentleg- og privat sektor som har bidrege inn i omsetjinga med verdifull fyrstehandskunnskap.

Referansegruppa har bestått av representantar frå:

  • Trondheim kommune
  • Likestillings- og diskrimineringsombodet
  • Bufdir
  • KS
  • Finn.no
  • Tingtun
  • Media LT
  • NEK
  • Norsk Regnesentral
  • NTNU
  • OsloMet – Storbyuniversitetet
  • Universitetet i Agder
  • Norges Blindeforbund
  • Hørselshemmedes Landsforbund
  • Norges Døveforbund

I tillegg til arbeidet som er lagt ned av arbeidsgruppa og referansegruppa, har begge omsetjingane vore på open høyring. Dette for å gje alle moglegheit til å kome med innspel.

Standarden som no er omsett til norsk er av stor betydning for universell utforming av ikt-produkt og -tenester innan både privat og offentleg sektor, seier avdelingsdirektør Per Eirik Heimdal i Nkom.

Heilskap

Sjølv om EN 301 549 og WCAG 2.1 er uavhengige standardar, og omsetjingane formelt er to separate prosessar, er det i omsetjingane lagt til grunn lik bruk av termar. Dette for å sikre samsvar mellom dei to omsetjingane gjennom konsekvent språkbruk. Vidare er det lagt vekt på at dei norske omsetjingane både skal vere enkle å forstå og fagleg korrekte.

Ei heilskapleg og norsk språkdrakt, i kombinasjon med fri tilgang til innhaldet i dei to standardane, bidreg til at dei tekniske krava no blir meir tilgjengelege for brukarar, pliktsubjekt, utviklarar og andre som vil setje seg inn krava til ikt-løysingar.

– Når standardar er tekne inn i regelverk er det viktig for rettstryggleiken til både pliktsubjekta og brukarane at standardane, som fastset dei tekniske krava, er ope tilgjengeleg for alle. Samarbeidet med Nkom har vore avgjerande for å sikre dette, seier tilsynsdirektør Malin Rygg i Digdir.