Hopp til hovudinnhald

I fjor lanserte Uu-tilsynet og Nkom ei offisiell omsetjing av ein sentral standard i EUs Webdirektiv (WAD). Kort tid etter oppretta EU ein ny versjon av standarden, og vi lanserer no denne nye versjonen på norsk.

01. juli 2022

I fjor sommar lanserte Uu-tilsynet, saman med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), ei offisiell omsetjing av EN 301 549 v2.1.2. Standarden er sentral i EUs Webdirektiv (WAD), og kort tid etter at v2.1.2 av EN 301 549 låg føre på norsk, harmoniserte EU ein ny versjon av standarden, v3.2.1. No ligg også denne føre på norsk.

Den norskspråklege versjonen er gratis tilgjengeleg for alle.

– Ei norsk omsetjing av standarden EN 301 549 v3.2.1 som no er gratis tilgjengeleg for alle er eit viktig bidrag for at brukarar, pliktsubjekt, utviklarar og andre enklare kan setje seg inn krava til ikt-løysingar i offentleg sektor. Dette håpar eg bidreg til auka etterleving av krava, og at det vert enklare for brukarar som meiner seg diskriminerte å klage både direkte til systemeigar og Diskrimineringsnemnda, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Første februar 2022 tok dei nye krava til offentlege verksemders nettløysingar, som kjem gjennom WAD, til å gjelde i forskrift om universell utforming av ikt. Forskrifta byggjer, på same måte som WAD, på fire overordna prinsipp som løysingane må vere utforma etter. Dei må vere

  • mogleg å oppfatte
  • mogleg å betjene
  • forståelege
  • robuste

Vidare slår forskrifta fast at nettløysingar som er utforma i samsvar med EN 301 549 v3.2.1 oppfyller dei fire overordna prinsippa. Samsvar med standarden er altså synonymt med samsvar med dei tekniske krava i norsk forskrift.

EN 301 549 er ein standard som er utarbeidd av dei tre europeiske standardiseringsorganisasjonane ETSI, CEN og CENELEC. Digdir har samarbeidd med Nkom om omsetjinga av både v2.1.2 og no v3.2.1. Nkom er nasjonalt standardiseringsorgan (NSO) for ETSI-standardar i Noreg, noko som gjer at dei har vore formelt ansvarlege for kvalitetssikringa av norskspråklege omsetjingar av EN 301 549.

I tillegg til Digdir og Nkom, har Rudolph Brynn frå Universell utforming AS og Agata Sawicka utgjort arbeidsgruppa som har arbeidd med omsetjinga. Vidare var arbeidet på open høyring frå 28. april til 31. mai i år for å gje alle moglegheit til å kome med innspel.

Les også nyheitssak på nkom.no.