Hopp til hovudinnhald

Errata til norsk omsetjing av WCAG 2.1

Her kan du finne ei oppdatert oversikt over rapporterte feil i omsetjinga som har ført til rettingar.

Rettingar i omsetjinga av WCAG 2.1

Omsetjinga av WCAG 2.1 til norsk (bokmål) vart leia av Digitaliseringsdirektoratet i 2020/2021. Med i prosessen var ei breitt samansett referansegruppe med representantar frå offentlege og private verksemder, brukarorganisasjonar og akademia.

Omsetjinga av WCAG 2.1 til norsk (bokmål) er autorisert av W3C og slik sett offisiell, men i tvilstilfelle er det den opphavlege engelske utgåva av WCAG 2.1 som er gjeldande. På denne sida er ei oppdatert oversikt over rapporterte feil i omsetjinga som har ført til rettingar.

Korleis rapportere feil

Oppdagar du feil i omsetjinga kan desse rapporterast til public-auth-trans-no@w3.org. Eventuelle feil eller forbetringar av det opphavlege dokumentet kan meldast til W3C i samsvar med instruksane på erratasida for den opphavlege utgåva.

Rapporterte feil

Det er meldt inn følgjande feil i omsetjinga:

  • Under Suksesskriterium 1.2.2 står “for alt” to gonger. Den andre “for alt” skal fjernast.
  • Under Suksesskriterium 1.4.5 manglar det eit “for” i sekvensen “brukes det tekst i stedet bilder av tekst” slik at det heller skal stå “brukes det tekst i stedet for bilder av tekst”.