Hopp til hovudinnhald

Rapport

Tilsynsrapport Troms fylkeskommune

Rapporten gjer greie for avvika og merknadane som vart avdekt under tilsynet med Troms fylkeskommune. Tilsynet er gjennomført som inspeksjon og tema var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden.

2015:3
19. november 2015

    1 Samandrag

    Rapporten gjer greie for avvik og merknader som vart avdekt under tilsynet med Troms fylkeskommune. Tilsynet retta seg mot nettstaden http://www.tromsfylke.no/

    Tilsynet er gjennomført som inspeksjon. Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

    • koding av ulike typar innhald
    • kodesyntaks
    • tastaturnavigasjon
    • innhaldsnavigasjon
    • kontrast
    • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar

    Inspeksjonen avdekte 6 avvik.

    Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting.

    Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift.

    Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    Oversikt over resultat

    Avvik 1: Troms fylkeskommune sikrar ikkje at alle overskrifter, søkefelt og skjemaelement på nettstaden er koda korrekt.

    Avvik 2: Troms fylkeskommune sikrar ikkje at koden har korrekt syntaks.

    Avvik 3: Troms fylkeskommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad at brukaren kan identifisere alt innhald og alle funksjonar på nettstaden. Vidare kan ikkje brukaren i tilstrekkeleg grad nå og nytte alt innhald og alle funksjonar med tastatur.

    Avvik 4: Troms fylkeskommune sikrar ikkje at brukaren kan forstørre alt innhald på nettstaden utan tap av innhald eller funksjonalitet.

    Avvik 5: Troms fylkeskommune sikrar ikkje at det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Avvik 6: Troms fylkeskommune sikrar ikkje at tekstalternativ til dekorative bilete ikkje er støy for personar som brukar skjermlesar, eller at lenka bilete på nettstaden har tilstrekkeleg tekstalternativ.

    Vi viser elles til kapittel 7 om resultat som inneheld avvika med heimelstilvisning og konkret grunngjeving for kvart enkelt funn.

    2 Innleiing

    Direktoratet for forvaltning og ikt (Difi) er tilsynsmyndigheit på området universell utforming av ikt.

    Tilsyn for universell utforming av ikt gjennomførte i tidsrommet

    7.9.2015 - 28.9.2015 tilsyn med Troms fylkeskommune. Tilsynet vart gjort som inspeksjon, og retta seg mot nettstaden http://www.tromsfylke.no/.

    Rettsleg grunnlag for tilsyn er dtl. § 29 første ledd jf. dtl. § 14 og forskrifta om universell utforming av ikt-løysingar § 5.

    Tilsynet er del av den planlagde tilsynsverksemda for 2015.

    Inspeksjon inneber at vi hentar inn og går gjennom dokumentasjon frå verksemda, har møter og verifiserer delar av nettstaden opp mot krava til universell utforming.

    Rapporten gjer greie for avvik som vart avdekt innanfor tema for tilsynet, på dei sidene som inngjekk i verifikasjonen.

    Kapittel 7 om resultat har omtale av avvik med heimelstilvisning og konkret grunngjeving for kvart enkelt funn.

    Rapporten gir ikkje ei fullstendig tilstandsvurdering av Troms fylkeskommune sitt arbeid med universell utforming av ikt, verken generelt eller innanfor tema for tilsynet.

    3 Om standarden for nettløysingar – retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald – WCAG 2.0

    Krava til nettløysingar går fram av forskrifta § 4 første ledd, som seier at nettløysingar skal oppfylle Retningslinjer for tilgjengeleg webinnhald (WCAG 2.0) nivå A og AA, med tre unntak.

    35 av 61 suksesskriterium er gjort til obligatoriske minimumskrav for nettløysingar som er omfatta av forskrifta. Det er gjort unntak for suksesskriteria 1.2.3, 1.2.4 og 1.2.5, som regulerer lyd og video.

    WCAG 2.0 er bygd opp av 4 prinsipp, 12 retningslinjer og 61 testbare suksesskriterium:

    • Prinsippa beskriv grunnlaget for tilgjengelegheit på overordna nivå. I følgje prinsippa skal nettløysingar vere mogleg å oppfatte, mogleg å betene, forståelege og robuste.
    • Retningslinjene er overordna mål for tilgjengelegheit i nettløysingar. Retningslinjene er ikkje moglege å teste, men dei set suksesskriteria i ein samanheng.
    • Suksesskriteria er konkrete, testbare krav til tilgjengelegheit. Suksesskriteria er teknologinøytrale og vi kan følgje dei uavhengig av programmeringsspråk og publiseringsløysing.

    I tillegg viser WCAG 2.0 til teknikkar med døme på korleis vi kan oppfylla suksesskriteria.

    Ved å følgje WCAG 2.0 blir nettløysingar tilgjengelege for fleire personar med nedsett funksjonsevne. WCAG tek omsyn til at brukarane av nettløysingar har ulike føresetnadar, og dekker følgjande:

    • Syn
    • Kognisjon
    • Lese- og skrivevanskar
    • Norsk som andrespråk
    • Motorikk
    • Høyrsel
    • Epilepsi
    • Belastningsskadar

    Nettløysingar som følgjer krava vil vera meir brukarvennlege for alle.

    4 Aktivitetar under tilsynet

    Tilsynet med Troms fylkeskommune omfatta følgjande aktivitetar:

    Tilsynsvarsel

    Tilsynsvarselet vart sendt 09.07.2015.

    Førebuingsmøte

    Førebuingsmøte vart gjennomført 07.09.2015.

    Førebuingsmøte er del av inspeksjonen fordi lovreguleringa av området er ny, samtidig som undersøkingar viser at det er låg kjennskap til regelverket, krava til nettløysingar (WCAG 2.0) og tilsynet som myndigheitsorgan.

    Dokumentasjon

    Vi fekk tilsendt dokumentasjon frå Troms fylkeskommune innan fristen. Det er gitt eit oversyn over dokumentasjonen i kapittel 9 om dokumentgrunnlag.

    Opningsmøte

    Etter avtale vart det ikkje halde opningsmøte.

    Verifikasjon og vurdering

    Verifikasjon og vurdering av nettstaden opp mot krava vart gjort i veke 38 og 39.

    For å gjennomføre verifikasjon, har tilsynet utvikla eit indikatorsett, i tillegg til prosedyrar for gjennomføring av test, registrering og dokumentasjon av testresultat. Indikatorsettet operasjonaliserer suksesskriteria i WCAG 2.0 som er minimumskrav i regelverket.

    Verifikasjonsaktiviteten under tilsynet er omtalt nærare i kapittel 7 om resultat.

    Sluttmøte

    Sluttmøte med presentasjon av resultata frå inspeksjonen vart gjennomført hjå Troms fylkeskommune 28.09.2015

    Førebels rapport

    Førebels rapport vart sendt til fylkeskommunen 19.10.2015. Fylkeskommunen hadde ikkje innspel til endringar av rapporten, jf. e-post motteke 17.11.2015.

    Endeleg rapport

    Endeleg rapport vart sendt til fylkeskommunen 18.11.2015.

    Plan for retting

    Fylkeskommunen leverer plan for retting av avvik innan 08.01.2016.

    5 Kva tilsynet omfatta

    5.1 Tema for inspeksjonen

    Føremålet med inspeksjonen er å kontrollera om Troms fylkeskommune etterlever lov- og forskriftskrav om universell utforming av ikt-løysingar, innanfor det tema tilsynet omfattar.

    Tema for inspeksjonen var koding, navigasjon og tekstalternativ på nettstaden. Dette omfatta

    • koding av ulike typar innhald
    • kodesyntaks
    • tastaturnavigasjon
    • innhaldsnavigasjon
    • kontrast
    • tekstforklaring til bilete og illustrasjonar

    5.2 Om val av tema

    Tema er valt fordi resultata etter statusmålinga av nettstadar, og andre informasjonskjelder, viser at dette er område der verksemdene ofte ikkje oppfyller regelverket.

    6 Delar av nettstaden som vart kontrollert

    6.1 Om nettstaden

    Troms fylkeskommune lanserte måndag 18. mai 2015 nye nettsider. Ansvarleg redaktør er Knut Are Mortensen.

    6.2 Oversyn over enkeltsider

    • Side 1 - Framsida
    • Side 2 - Påmelding læreplasskurs
    • Side 3 - Temaside utdanning
    • Side 4 - Ofte stilte spørsmål
    • Side 5 - Registrering av personopplysninger
    • Side 6 - Temaside samferdsel
    • Side 7 - Skoleskyssportalen
    • Side 8 - Søk om skolekort
    • Side 9 - Registrer ny konto
    • Side 10 - Tannlegevakt
    • Side 11 - Innholdsarkiv
    • Side 12 - Nyhetsarkiv
    • Side 13 - Oversikt over lenker
    • Side 14 - Valg 2015
    • Side 15 - Privatist

    7 Resultat

    7.1 Innleiing

    Resultata byggjer på informasjon frå verifikasjonsfasen av tilsynet. Verifikasjonane er gjort ved testing av nettstaden. Testinga er gjennomført i Internet Explorer versjon 11.

    Resultata frå testinga er dokumentert med skjermbilete og skriftleg grunngjeving. Skjermbileta er med som vedlegg til rapporten, jf. vedlegg 1.

    • Avvik inneber at verksemda ikkje oppfyller krav som er gitt i eller i medhald av lov eller forskrift. Verksemda må rette avvika i etterkant, og skal levere ein plan for retting.

    Om nødvendig kan tilsynet følgje opp avvik med reaksjonar i form av pålegg om retting og tvangsmulkt.

    • Merknad inneber at tilsynsorganet finn grunn til å peike på forbetringspotensiale, men at forholdet ikkje er i strid med krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift.

    Det er opp til verksemda å vurdera om og korleis dei skal følgje opp merknader. Tilsynet kan ikkje følgje opp merknader med reaksjonar.

    7.2 Avvik

    7.2.1 Avvik 1

    Troms fylkeskommune sikrar ikkje at alle overskrifter, søkefelt og skjemaelement på nettstaden er koda korrekt.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.3.1.

    Suksesskriterium i WCAG:

    1.3.1 Informasjon og relasjoner:

    Informasjon, struktur og relasjoner som formidles via presentasjonen, kan bestemmes programmeringsmessig eller gjøres tilgjengelig(e) som tekst.

    Avvik 1 byggjer på

    Overskrifter:

    1. Side 1, 3 og 6 - Menypunkter merka med ikonar er ikkje ei overskrift, men er likevel koda som overskrift.
    2. Alle sider unnateke 8 og 9 - Den vesle menyen (Hopp til meny, Hopp til nyheiter …) er ikkje ei overskrift, men er likevel koda som overskrift.
    3. Alle sider - Brot i overskrifthierarkiet ved at den første visuelle overskrifta ikkje er ei overskrift på nivå 1.
    4. Side 1, 3, 7, 8, 9 og 12 - Førekomst av tom overskrift.
    5. Side 7 - Sida har ei lenke som feilaktig er markert som overskrift.

    Søkefelt:

    1. Alle sider unnateke side 8 og 9 - Søkefeltet manglar ei programmeringsmessig omtale av søkefeltets funksjon. I tillegg er søkeknappen eit bilde/ikon men manglar alternativ tekst.

    Skjemaelement:

    1. Side 12 - Skjemaelement for å velje side er ikkje programmeringsmessig kopla til ein ledetekst.
    Kommentar

    WCAG krev samsvar mellom den visuelle presentasjonen av innhaldet på nettstaden og kodinga av det same innhaldet. Det skal også vere samsvar mellom det visuelle og det koda overskriftshierarkiet. Grunnen er at alle brukarar skal ha tilgang til lik informasjon.

    7.2.2 Avvik 2

    Troms fylkeskommune sikrar ikkje at koden har korrekt syntaks.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 4.1.1.

    Suksesskriterium i WCAG:

    4.1.1 Parsing (oppdeling):

    I innhold som implementeres ved hjelp av oppmerkingsspråk, har elementene fullstendige start- og sluttkoder, elementene er nøstet i henhold til spesifikasjonene, elementene inneholder ikke dupliserte attributter, og eventuelle ID-er er unike. Unntaket er hvis spesifikasjonene tillater disse funksjonene.

    Merknad: Start- og sluttmarkører som mangler et nødvendig tegn, for eksempel avsluttende hakeparentes, eller som har feil angivelse av anførselstegn for attributtverdier, er ikke fullstendige.

    Avvik 2 byggjer på

    Førekomstar av syntaksfeil på dei ulike sidene vi har testa:

    Side Type feil Tal feil
    Side 1 «Unclosed element» og «Duplicate id». 8
    Side 2 «Element not allowed» og «Unclosed element». 55
    Side 3 «Element not allowed», «Unclosed element» og «Duplicate id». 58
    Side 4 «Element not allowed» og «unclosed element». 61
    Side 5 «Element not allowed» og «Unclosed element». 55
    Side 6 «Element not allowed», «Unclosed element» og «Duplicate id». 45
    Side 7 «Element not allowed» og «Unclosed element». 55
    Side 8 «Element not allowed». 1
    Side 9 «Element not allowed». 1
    Side 10 «Element not allowed» og «Unclosed element». 55
    Side 11 «Element not allowed» og «Unclosed element». 55
    Side 12 «Element not allowed» og «Unclosed element». 70
    Side 13 «Element not allowed» og «Unclosed element». 67
    Side 14 «Element not allowed» og «Unclosed element». 55
    Side 15 «Element not allowed» og «Unclosed element». 44
    Kommentar

    Korrekt kode er viktig for å sikra at alle brukaragentar som til dømes nettlesarar og hjelpemiddel presenterer innhald på nettsida på rett måte for brukaren.

    «Unclosed element» vil seie at ein har gløymt å avslutte eit HTML- element (end-tag).

    «Duplicate id» vil seie at den samen id-en er nytta meir enn ein gong, og id-en er såleis ikkje lenger unik.

    «Element not allowed» vil seie at ein har plassert eit HTML-element på ein plass som ikkje er lov i høve til reglane i HTML-standaren.

    7.2.3 Avvik 3

    Troms fylkeskommune sikrar ikkje i tilstrekkeleg grad at brukaren kan identifisere alt innhald og alle funksjonar på nettstaden. Vidare kan ikkje brukaren i tilstrekkeleg grad nå og nytte alt innhald og alle funksjonar med tastatur.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.4.1, 2.1.1, 2.4.1, 2.4.7 og 3.2.2

    Suksesskriterium i WCAG:

    1.4.1 Bruk av farge

    Farge blir ikke benyttet som det eneste visuelle virkemiddelet for å formidle informasjon, angi en handling, be om respons eller skille ut et visuelt element.

    Merknad: Dette suksesskriteriet handler spesifikt om fargepersepsjon. Andre former for persepsjon omtales under retningslinje 1.3, blant annet programmeringsmessig tilgang til koder for farger og annen visuell presentasjon.

    2.1.1 Tastatur:

    All funksjonalitet i innholdet kan betjenes via et tastaturgrensesnitt uten at det er behov for tidsberegning av de enkelte tastetrykkene, unntatt hvis den underliggende funksjonen krever inndata som er avhengige av rekkefølgen på brukerens bevegelser, og ikke bare av sluttpunktene.

    Merknad 1: Dette unntaket gjelder den underliggende funksjonen, ikke inndatateknikken. Hvis teksten for eksempel skrives inn med håndskrift, krever inndatateknikken (håndskrift) inndata i en bestemt rekkefølge, men den underliggende funksjonen (tekstlige inndata) gjør det ikke.

    Merknad 2: Dette er ikke et forbud mot og bør ikke hindre bruk av mus eller andre inndatametoder i tillegg til tastatur

    2.4.1 Hoppe over blokker:

    Det finnes en mekanisme for å omgå blokker med innhold som gjentas på flere websider.

    2.4.7 Synlig fokus:

    Tastaturbetjente brukergrensesnitt har en betjeningsmodus der fokusindikatoren for tastaturet er synlig.

    3.2.2 Inndata

    Endring av innstillingene til en brukergrensesnittkomponent medfører ikke automatisk kontekstendring med mindre brukeren er blitt varslet om det før bruk av komponenten.

    Avvik 3 byggjer på

    Bruk av farge:

    1. Side 1, 3, 6, 11, og 12 - Det finnes lenka overskrifter som berre skil seg med farge frå ikkje lenka overskrifter.
    2. Alle sider utanom side 8 og 9 - Det finnes ein eller fleire lenkjer som berre skil seg frå brødteksten med farge.

    Innhald brukaren ikkje kan nå med tastatur:

    1. Side 1 - Det er ikkje mogeleg å nå lenka «se detaljer» og knappen «Tillat informasjonskapslar» med berre tastatur.
    2. Side 1, side 3 og 15 - Det er ikkje mogleg å nå «pause», «gå til neste» og «gå til førre» knappane i nyhendekarusellen med berre tastatur.
    3. Side 5 - Det er ikkje mogleg å nå trekkspillknappane som utvidar skjema, slik at ein får fylt ut alle elementa i skjemaet med berre tastatur.
    4. Side 12 - Det er ikkje mogleg å bruke knappane for sosiale media med berre tastatur.
    5. Alle sider unnateke side 8 og 9 - Det er ikkje mogeleg å nå lenkene under kvart punkt i hovudmenyen (undermenyane) med berre tastatur. Det er heller ikkje mogeleg å nå lenka «Personverninnstillinger» med berre tastatur.

    Innhald utan eller med svak fokusmarkering:

    1. Alle sider unnateke 8 og 9 - Det valde menypunktet (den sida du er på) får ikkje synleg fokus når du navigerer med tastatur.
    2. Side 2, 4, 5, 10, 11, 12, 13 og 14 - Dei aktive menypunkta i sidemenyen markert med raud farge, får ikkje synleg fokus når du navigere med tastatur.
    3. Side 12 - Knappane for sosiale media får ikkje visuelt fokus når du navigerer med tastatur.

    Snarveglenke:

    1. Side 7 og 15 - Snarvegen til innhald fungerer ikkje verken visuelt eller funksjonelt.

    Flytting av fokus:

    1. Side 12 - Når brukaren navigerer med tastaturet i liste over sider, blir ho automatisk flytta til ei ny side utan moglegheit til å bekrefte valet.

    Kommentar: Det er naudsynt å markera lenker med meir enn berre farge for å sikre at fargeblinde og personar med nedsett syn kan identifisere lenker.

    Det skal vere mogleg å navigere til alt innhald med tastaturet. Fokusmarkering er nødvendig for at brukarar som navigerer med tastatur skal vite kvar dei er på nettstaden til ei kvar tid. Det skal også vere ei lenke som gjer det mogleg å hoppe frå starten av sida direkte til hovudinnhaldet.

    Endringar av verdien til eit skjemaelement skal ikkje føre til at brukaren mister kontekst til dømes ved at brukaren vert flytta til ei ny side.

    7.2.4 Avvik 4

    Troms fylkeskommune sikrar ikkje at brukaren kan forstørre alt innhald på nettstaden utan tap av innhald eller funksjonalitet.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.4.4.

    Suksesskriterium i WCAG:

    1.4.4 Endring av tekststørrelse:

    Med unntak av teksting og bilder av tekst, kan tekst forstørres opp til 200 % uten bruk av kompenserende teknologi og uten at innhold eller funksjonalitet går tapt.

    Avvik 4 byggjer på

    1. Alle sider med meny/header - Knappen «AA» (hjelp til å forstørre teksten) og knappen for lydopplesing forsvinner.
    2. Side 8 og 9 - Teksten «Ver 1.27. Copyright TrapezeGroup Europe 2015.» legg seg oppå skjermfeltet når brukaren scrollar, og er til hinder for bruk av skjema.
    Kommentar

    Testinga vart gjort med oppløysing på 800 * 600 pikslar og zoomnivå på 200 %

    7.2.5 Avvik 5

    Troms fylkeskommune sikrar ikkje at det er tilstrekkeleg kontrast mellom tekst og bakgrunn på nettstaden.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.4.3.

    Suksesskriterium i WCAG:

    1.4.3 Kontrast (minimum):

    Den visuelle presentasjonen av tekst og bilder av tekst har et kontrastforhold på minst 4.5:1, unntatt i følgende tilfeller:

    Stor tekst: Stor skriftstørrelse og bilder av stor skriftstørrelse har et kontrastforhold på minst 3:1.

    Uvesentlig: Tekst eller bilder av tekst som utgjør en del av en inaktiv brukergrensesnittkomponent, som er ren dekorasjon, som ikke er synlig(e) for noen, eller som utgjør en del av et bilde som inneholder annet vesentlig visuelt innhold, er ikke underlagt kontrastkrav.

    Logoer: Tekst som utgjør en del av en logo eller et varemerkenavn, er ikke underlagt kontrastkrav

    Avvik 5 byggjer på

    1. Side 1- Besøkte lenker i tenestemenyen har ein kontrast målt mot bakgrunn på 3,7:1.
    2. Side 4 og 6 - Lenkene i tenestemenyen har kontrast målt mot bakgrunn målt til 3,2:1 på det svakaste, men det varierer noko då det er brukt gradert bakgrunn.
    3. Side 3, 6 og 7 - Besøkte lenker har ein kontrast målt mot bakgrunn på 4,4:1.
    4. Side 4, 5 og 10 - Dei blå lenkene i sidemenyen har ein kontrast målt mot bakgrunn på 3,8:1.
    5. Side 8 - Lenkene «Jeg har glemt passordet» og «Jeg registrerer meg for første gang» har kontrast målt mot bakgrunnen på 3,4:1.
    6. Side 8 og 9 - Lenkene «Hjelp» og «Logg på» har ein kontrast målt mot bakgrunn på 4,2:1.
    7. Side 9 - Teksten på knappen «Opprett konto» har ein kontrast målt mot bakgrunn på 3,4:1.
    8. Side 11 og 12 - I boksen «Stikkord» har røde lenker kontrast målt mot bakgrunn på 4,0:1. Grå lenker har kontrast målt mot bakgrunn på 3,9:1.
    9. Side 12 - Overskriftene i nyheitsboksen har en kontrast målt mot bakgrunn på 3,1:1.
    Kommentar

    Stor tekst er skrift som er minst 24 pikslar høg, eller feit skrift som er minst 19 pikslar høg. Alt anna er liten tekst. Minstekravet til kontrast mellom bakgrunnen og liten tekst er 4,5:1.

    7.2.6 Avvik 6

    Troms fylkeskommune sikrar ikkje at tekstalternativ til dekorative bilete ikkje er støy for personar som brukar skjermlesar, eller at lenka bilete på nettstaden har tilstrekkeleg tekstalternativ.

    Avvik frå følgjande krav: dtl. § 14 jf. forskrift om universell utforming av ikt-løsninger § 4 første ledd jf. WCAG suksesskriterium 1.1.1.

    Suksesskriterium i WCAG:

    1.1.1 Ikke-tekstlig innhold:

    Alt ikke-tekstlig innhold som presenteres for brukeren, har et tekstalternativ som har samme formål med unntak av situasjonene som er beskrevet nedenfor. […]

    Dekorasjon, formatering, usynlig: Hvis det ikke-tekstlige innholdet er ren dekorasjon, hvis det utelukkende brukes til visuell formatering, eller hvis det ikke presenteres for brukerne, skal det implementeres på en slik måte at det kan ignoreres av kompenserende teknologi.

    Avvik 6 byggjer på

    1. Alle sider unnateke side 1 - Alt-teksten på det lenka bilde av kommunevåpenet har ikkje ein alternativ tekst som seier noko om lenkemålet.
    2. Side 1, 3, og 12 - Pilene i karusellen har ikkje alt-attributtet og dei manglar dermed alternativ tekst.
    3. Side 4, 8 og 9 - Det finnes bilete som ikkje har alt-attributtet, og dei manglar dermed alternativ tekst.
    4. Side 1 og 3 - Det finnes ikkje-lenka ikonar som er dekorative bilete når dei er plassert saman med ein eigen lenke med lenketekst, og skal derfor ha tomt alt-atributt.
    5. Side 1, 3, 4, 6, 7 og 10 -15 - Eit eller fleire bilete har same alternative teksten som den synlige tittelen på bilete.
    Kommentar

    Lenka bilete er ein måte å navigera på nettstaden. Den alternative teksten til eit lenka bilete skal derfor ha informasjon om lenkemålet/kor brukaren kjem ved å bruka lenka.

    Alle bilete skal ha kode/atributt for alternativ tekst. Tom alternativ tekst vil seie at attributtet er koda på forma alt= "". Dette er pålagt dersom biletet er rein dekorasjon, fordi alternativ tekst i slike tilfelle vil oppfattast som støy av personar som nyttar hjelpemiddel. Då må ein også vere merksam på at der tittelen på ein artikkel vert nytta som alternativ tekst på tilhøyrande biletet, vert den same informasjonen lest opp to gongar.

    9 Dokumentgrunnlag

    Aktuell dokumentasjon blei etterspurt i tilsynsvarselet. Verksemda treng ikkje å utarbeida ny dokumentasjon for tilsynet. Difi fekk dokumentasjon som inneheldt informasjon om følgande:

    • organisasjonskart
    • oversikt over tilsette som arbeidar med nettstaden
    • kompetanseplan
    • oversikt over dei 15 mest brukte sidene
    • oversikt over standardar
    • dokument som viser korleis universell utforming er ivareteken
    • testresultat frå test knytt til universell utforming av nettstaden
    • feilretting

    10 Deltakarar

    10.1 Frå Troms fylkeskommune deltok

    Namn Stilling Formøte Sluttmøte
    Liv Føre It-sjef x x
    Knut Are Mortensen Kommunikasjons-sjef x x
    Morten Devold Ikt-utviklar x x
    Dagfinn Conradi Ikt-driftsansvarleg x x
    Klara Johansen Kommunikasjons-rådgjevar x x
    Camilla Bjørn Assisterande stabssjef x x

    10.2 Frå tilsynet deltok

    Førstekonsulent Linn Steen-Hansen

    Førstekonsulent Geir Sindre Fossøy

    Seniorrådgjevar Anne-Marie Colban (inspeksjonsleiar)

    11 Vedlegg til rapporten

    Vedlegg 1: Test og avviksdokumentasjon jf. resultata i kapittel 7 - skjermbilete som viser avvik/merknader (eige vedlegg).

    Vedlegg 2: Oversyn over suksesskriterium som er kontrollert under tilsynet (eige vedlegg).

    12 Referanseark for tilsynet

    Verksemd:Troms fylkeskommune
    Saksnummer:15/00597
    Tema:Koding, navigasjon og tekstalternativ.
    Funn:6 avvik
    Rapportnummer:2015:3
    Inspeksjonsleiar:Anne-Marie Colban
    Dato endeleg tilsynsrapport:18.11.2015
    Postadresse og nettstad, Difi:DIFI
    Postboks 8115 Dep
    0032 OSLO

    www.difi.no