Hopp til hovudinnhald

Feil i digitale læremiddel gjorde at Uu-tilsynet tidlegare denne månaden ga Bergen, Tromsø, Bodø og Stavanger kommune vedtak om bøter. Det vart gitt frist på ti verkedagar for å rette feila før dagbøtene vart sett i kraft. No har alle fire kommunane retta i tide og unngår bøter.

18. oktober 2023

Etter ein kontroll Uu-tilsynet gjennomførte i vår, vart det avdekka feil på nettsidene til seks kommunar og i elleve digitale læremiddel som desse kommunane brukar. Det vart avdekka feil som går utover elevane i alle kontrollane.

Kommunane fekk ein frist til å få retta opp feila, og den 2. oktober vart det sendt ut vedtak om dagbøter til fire kommunar dersom dei resterande feila ikkje var korrigerte innan 13. oktober. Alle kommunane rakk fristen og tilsynssakene vert no avslutta.

Tilsynssakene gjaldt kommunane sine nettsider, og følgande digitale læremiddel:

  • Bergen kommune: Aski Raski, Brettboka og Aschehoug univers
  • Stavanger kommune: Skolen frå Cappelen Damm
  • Tromsø kommune: Creaza og kommunen si nettside
  • Bodø kommune: Aftenposten junior skole og Showbie

Innan fredag 13. oktober var feila i alle løysingane korrigerte, med unntak av eitt læremiddel, Showbie, som er i bruk av Bodø kommune. Bodø kommune valde deretter å stenge tilgangen til løysinga for sine brukarar, inntil vidare. Målet er at også leverandøren for dette læremiddelet skal komme i mål med sine rettingar, men inntil vidare vart læremiddelet tatt ut av bruk i kommunen.

– Vi ser at tilsyn verkar. Kommunane og leverandørane har teke dette på alvor og gjort ein god innsats. Av alle løysingane som vart kontrollerte, er dei éi løysing som ikkje kom i mål. Det er i alle si interesse at feila vert retta, og det er eit godt steg framover at læremidla no er betre å bruke for fleire elevar. Vi håpar at både kommunane og leverandørane held fram det gode arbeidet slik at også elevar med nedsett funksjonsevne får glede og nytte av desse i tida framover, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Det var i vår Uu-tilsynet sende varsel om tilsyn til seks kommunar om digitale læremiddel. Feila som vart avdekka i kontrollane, er brot på krava om universell utforming av ikt. Det inneber at dei digitale læremidla ikkje kan brukast av alle, og kommunane bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova. Det er kommunen som kjøper inn løysingane som har ansvaret for at løysingane følger krava. Tilsynet har no dialog med leverandørar og bransjen om korleis dei kan etterleve krava framover.

– Leverandørar må vere i forkant. Dette området har fått auka merksemd og vi vil halde fram med å følge opp denne sektoren. Leverandørar må uansett ha oversikt over status for universell utforming i produkta dei tilbyr, sidan kommunane no har fått det nye kravet om tilgjengelegheitserklæring. Det er derfor viktig at leverandørane fortset det gode arbeidet med universell utforming, også etter tilsyna er ferdig, og vi ser fram til å ha ein dialog med bransjen om dette framover, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Pressespørsmål 

For meir informasjon, ta kontakt med: