Hopp til hovudinnhald

Uu-tilsynet har gitt Universitetet i Bergen (UiB) dagbot for feil i digital eksamensløysing.

Etter ein kontroll Uu-tilsynet i Digdir gjennomførte i vår, vart det avdekka feil på Universitetet i Bergen (UiB) si digitale eksamensløysing og på nettsidene deira. Universitetet vart ilagt ei dagbot på 150 000 kroner. Dei klarte å rette alle feil innan ein dag etter iverksetting av bot.

Feila er brot på krava om universell utforming av ikt. Det inneber at den digitale eksamensløysinga og nettsidene ikkje kan brukast av alle, og UiB bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova.

Om saka

Tilsynet har i vår ført kontroll med Universitetet i Bergen (UiB), med både digital eksamensløysing og hovudnettside. Gjennomført kontroll avdekka brot på åtte av elleve lovkrav om universell utforming av ikt, som er suksesskriterium i standarden WCAG 2.0. UiB fekk etter kontrollen pålegg om retting, med frist for å korrigere brota.

Etter fristen gjekk ut, viste oppfølgingstesten at det framleis var feil på 74 % av dei testa elementa. Dette førte til at UiB fekk vedtak om tvangsmulkt, dersom feila ikkje var retta innan 22. oktober 2021 kl. 12.00. Alle feil er no retta, men dei vart retta ein dag etter fristen. Tilsynet gir dagbot for ein dag på kr 150 000.

Alle skal kunne ta eksamen på like vilkår

Feila avdekka i kontrollen fører til at personar med nedsett syn ikkje får den same informasjonen som andre når dei tek eksamen. Dette går utover gjennomføringa og kan gå utover resultat og karakter. I tillegg er det avdekka ein del andre problem som kan påverke situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne.

– Vi er glade for at universitetet kom i mål, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Lik rett til utdanning er heilt i kjernen med formålet med dette regelverket. Og det er avgjerande at ein stor aktør som universitetet i Bergen vel digitale løysingar som sikrar at alle kan ta eksamen på like vilkår.

Les tilsynsrapporten

Endeleg tilsynsrapport er publisert på tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no

Regelverk om universell utforming av ikt

Sjå gjeldande regelverk og krav på tilsynet sin nettstad – uttilsynet.no

Meir informasjon

For meir informasjon om tilsynet i tilsynet i Digitaliseringsdirektoratet og om krava til universell utforming av ikt, sjå tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no

Pressespørsmål

For meir informasjon, ta gjerne kontakt:

Lovgrunnlag

Tvangsmulkt er gitt med heimel i lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven).

Forskrift om universell utforming av ikt.