Hopp til hovudinnhald

Tilsynet i Difi gir SAS Norge AS tvangsmulkt for ikkje å ha utbetra nettsidene sine etter ein kontroll i fjor haust. Feila er knytt til billettbestilling. Framdrifta i arbeidet med retting har vore for dårleg.

SAS bryt likestillings- og diskrimineringslova og sikrar ikkje at nettsidene er moglege å bruke for alle. SAS har 10 dagar på seg til å rette feila som står att, elles vil det løpe dagbøter på 150 000 kroner per dag.

Om saka

Difi gjennomførte tilsyn med SAS Norge AS sine nettsider hausten 2017. Det vart avdekka omfattande svikt. Tilsynet fann seks avvik med brot på til saman 20 lovkrav.

SAS har ikkje utbetra alle feila i samsvar med sin eigen plan som dei leverte til Difi i januar. Etter planen skulle alle feil skal vere korrigerte innan juni 2018. I juni sto det likevel att å rette 33 %. Tilsynet sendte derfor ut pålegg om retting den 25. juni i år, med frist for å rette resten innan 6. august. Den 8. august sto det framleis att 19,2 % av feila og er alle knytt til kjøp av billett.

SAS får no ti yrkedagar frå og med 16. august 2018 til å rette feil som står att. Deretter vil det løpe dagbot kvar yrkedag frå og med 30. august 2018. Størrelsen på dagbota er sett til 150 000 kroner. Frå og med 1. oktober 2018 aukar dagbota med 10 % per påbegynte kalendermånad.

Tilsynet vurderer det som alvorleg at SAS framleis ikkje har retta 35 av 182 enkeltfeil som vart avdekka under tilsynet hausten 2017.

Eksempel på feil ved billettbestilling

Feila som står att rammar alle brukarar. Dei rammar særleg brukarar som ønsker å, eller må bruke opplesingsverktøy eller skjermlesar, som synshemma og personar med lese- og skrivevanskar. Her handlar det om feil på koding av skjema og andre typar innhald. I tillegg er det feil at innhald i ledetekstar og lenketekstar er på engelsk. Slike feil gjer at innhaldet på nettsida ikkje blir lese opp på ein påliteleg måte, og brukaren vil ha problem med å forstå innhaldet. Mangelfull identifikasjon av skjemafelt og knappar gjer det vanskeleg for brukarane å fylle ut skjema. Mange med nedsett syn vil derfor ha problem med å gjennomføre billettbestillinga utan hjelp, og feila er såleis direkte til hinder for likeverdig samfunnsdeltaking.

Dei andre feila som står att, får konsekvensar for alle brukarar. Dette gjeld særleg mangelfulle feilmeldingar i skjema og forslag til feilretting, som kan føre til at brukarane ikkje får fullført skjemaet og gjennomført kjøpet. Får du for eksempel ikkje feilmelding når du skulle ha fylt ut eit obligatorisk felt, kan det resultere i at du ikkje kjem deg vidare i skjemaet, men ikkje sjølv ser kvifor.

Alle må ha likeverdige moglegheiter til å bestille billett

Direktør i tilsynet, Malin Rygg, kommenterer saka slik: - SAS har hatt lang tid på seg å rette, og feila som står att får store konsekvensar for brukarane av SAS sine nettsider. SAS fekk sjølv sette opp ein plan for retting, og skulle ha retta innan juni 2018. I tillegg har dei hatt tida fram til 6. august. No får SAS ti yrkedagar på seg til å ordne opp. Dersom dei ikkje får det på plass innan då, blir det dagbøter.

Det å kjøpe flybillettar på internett blir i dag rekna som ein sjølvfølge. Derfor er dette ein sentral del av retten til likeverdig digital samfunnsdeltaking.

Malin Rygg seier vidare: - SAS er eitt av dei to største flyselskapa i landet og har fleire tusen kundar dagleg. Det er viktig at deira nettsider og bestillingsprosessar fungerer for alle. Vi forventar at eit selskap av denne størrelsen har nettsider som følger regelverket om universell utforming. Når tilsynet avdekkar svikt, forventar vi at avvika vert retta slik at alle brukarar kan bestille sine flybillettar.

Tvangsmulkta er gitt med heimel i lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova) og Forskrift om universell utforming av ikt.

Du finn resultata frå tilsynet i Tilsynsrapport SAS Norge AS - 2017:9.

Kontakt

Torhild Kristin Brudvik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 48288309

Malin Rygg

Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 97197317