NAV retta feil og unngår dagbøter

Tilsynet i Digdir har avslutta tilsynet med nettstaden til NAV. NAV har no retta feila som vart avdekka i tilsynet og slepp dermed å betale dagbøter.

03. mar 2021

Tilsynet for universell utforming av ikt i Digdir hadde gitt NAV frist til 5. mars å rette opp feil i søknadsskjemaet for foreldrepengar.

- NAV har jobba raskt og godt, og alle feil er no korrigert i samsvar med krava. Dette vil kome innbyggjarane til gode. NAV har eit sterkt fagmiljø på universell utforming av ikt, og vi opplever at det har vore god dialog undervegs i tilsynsperioden, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Tilsynet i Digdir gjennomførte tilsyn med nettstaden til NAV hausten 2020. Det blei avdekka tre avvik og gitt to merknadar, med brot på 10 av 19 suksesskriterium som blei testa i kontrollen. NAV fekk derfor pålegg om retting, med ein frist på 12 veker.

Etter at fristen gjekk ut 26. januar, viste ein oppfølgingstest at det stod att å rette ca. 40 prosent av feila som underbygde avvik. NAV hadde vurdert ein del feil som retta, men tilsynet vurderte dei som ikkje gode nok. Avvika var i stor grad knytt til NAV sine val av interaksjonsmønster og markering av obligatoriske felt. Tilsynet gjorde derfor vedtak om tvangsmulkt i form av dagbøter, og sette ny frist for retting til 5. mars. Manglande retting innan fristen ville medført dagbøter på kr 50 000.

Ein oppfølgingstest utført 1. mars viser at NAV er no kome i mål med rettinga og tilsynet er avslutta. Grunnlaget for vedtaket var likestillings- og diskrimineringslova og forskrift om universell utforming av ikt.

Pressespørsmål

For meir informasjon, ta gjerne kontakt: