I Totalforsvarsåret 2026 ser Uu-tilsynet på digitale tenester som gir innbyggarane viktig informasjon om beredskap og tryggleik. Gjennom fleire kontrollar undersøker tilsynet om informasjonen er tilgjengeleg for alle, uavhengig av funksjonsevne, slik at flest mogleg kan ta vare på sin eigen tryggleik og beredskap.
Innbyggarane må kunne finne og bruke viktig informasjon både i kvardagen og når kriser oppstår. Det gjeld også informasjon om straumbrot, reiseråd og strålevern. Då må dei digitale tenestene fungere for alle.
Uu-tilsynet gjennomfører no tilsyn med nettstaden elvia.no, appen Reiseklar og nettstaden dsa.no.
– Dersom viktig informasjon ikkje er tilgjengeleg for alle i den vanlege kvardagen, kan vi heller ikkje rekne med at ho er det i ei krise. Universell utforming handlar også om samfunnstryggleik og om at alle skal kunne ta vare på seg sjølve, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.
Kvifor elvia.no, Reiseklar og dsa.no?
Dei tre digitale løysingane er valde ut fordi dei formidlar informasjon som er viktig for innbyggarane sin tryggleik og eigenberedskap.
Elvia.no gir mellom anna informasjon om straumbrot og straumforsyning. Appen Reiseklar frå Utanriksdepartementet gir reiseinformasjon og reiseråd til nordmenn i utlandet, medan dsa.no formidlar informasjon om strålevern, atomtryggleik og beredskap ved atomhendingar.
Uu-tilsynet skal undersøke om løysingane oppfyller krava til universell utforming av ikt. Kontrollane vil omfatte kode, design og innhald.
Vidarefører satsinga på digitale tenester for eigenberedskap
Tilsyna er del av Uu-tilsynet si satsing i 2026 på digitale tenester som formidlar viktig informasjon om eigenberedskap og tryggleik.
Tidlegare i år har Uu-tilsynet kontrollert vêrtenesta yr.no (NRK og Meteorologisk institutt), som gir vêrvarsel og farevarsel om ekstremvêr, appen Vegvesen trafikk (Statens vegvesen), som gir informasjon om trafikkforhold og stengde vegar, og nettstaden dsb.no (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap), som gir innbyggarane råd om korleis dei kan førebu seg på kriser og styrke eigenberedskapen.
Tilsyna avdekte mindre brot på regelverket hos alle verksemdene, men desse er korrigerte og tilsyna er no avslutta.
– Me ser at verksemdene har jobba godt med universell utforming også før tilsynet. Det er gledeleg å sjå at dei tek ansvar for å gjere viktige digitale tenester tilgjengelege for alle, seier Malin Rygg, direktør i Uu-tilsynet.
Uu-tilsynet har vidare varsla kontrollar av nettstaden sikkert.no (Nasjonal sikkerhetsmyndighet), som gir råd om digital tryggleik, varsom.no (Noregs vassdrags- og energidirektorat), som gir farevarsel om mellom anna flaum, skred og isforhold, og TV 2 Vær (TV 2), som gir vêrvarsel og informasjon om vêrforhold. Kontrollane blir gjennomførte i 2027.
Viktig informasjon må vere tilgjengeleg for alle
God beredskap handlar både om å vite korleis ein kan førebu seg på kriser, og om å få rett informasjon når noko skjer. Når vegar blir stengde på grunn av flaum eller skred, alvorlege hendingar skjer, straumen går eller styresmaktene varslar om fare, må innbyggarane kunne finne ut kva som skjer, kva det betyr for dei og korleis dei skal forhalde seg.
Personar med nedsett syn, høyrsel eller motorikk, lese- og skrivevanskar eller kognitive utfordringar skal ha same moglegheit som andre til å få tilgang til viktig informasjon.
Særleg for eldre, personar med funksjonsnedsetjingar og andre som møter digitale barrierar, er det særleg viktig at informasjonen er enkel å finne, forstå og bruke.
Digdir anslår at om lag 850 000 personar i Noreg er digitalt sårbare. Forsking frå SINTEF viser at utfordringane mellom anna kan handle om nedsett syn eller motorikk, vanskar med å lese og forstå informasjon, manglande digitale ferdigheiter eller ein krevjande livssituasjon. Korleis dei digitale tenestene er utforma, har stor betydning for kor mange som kan bruke dei.
– Vi kan ikkje vente til ei krise oppstår med å sikre at digitale tenester fungerer for alle. Universell utforming er ein viktig føresetnad, saman med god brukskvalitet, klarspråk og digital kompetanse i befolkninga, seier Rygg.
Skal bidra til betre digitale tenester
Målet med tilsyna er å kontrollere om verksemdene følger regelverket, og bidra til at digitale løysingar blir tilgjengelege for alle.
Dersom Uu-tilsynet avdekker brot på regelverket, vil tilsynet kunne gi pålegg om retting slik at verksemdene kan retta feila innan ein frist. Om nødvendig kan tilsynet ilegge dagbøter.
– God samfunnsberedskap handlar også om at flest mogleg kan ta vare på seg sjølve og sine næraste når ei krise oppstår. Då kan samfunnet bruke ressursane der behova er størst. For å kunne ta gode val og handle rett, må alle ha tilgang til informasjon dei kan forstå og bruke. Derfor er digital inkludering også ein viktig del av den samla samfunnsberedskapen, seier Rygg.