Hopp til hovudinnhald

Uu-tilsynet gir fire kommunar vedtak om dagbot for feil i digitale læremiddel.

Etter ein kontroll Uu-tilsynet gjennomførte i vår, vart det avdekka feil på nettsidene til seks kommunar og i elleve digitale læremiddel som desse kommunane brukar. Fire av kommunane har no fått vedtak om tvangsmulkt for å ikkje ha retta alle feila innan fristen. Dette gjeld følgande kommunar og løysingar:

  • Bergen kommune: Aski Raski, Brettboka og Aschehoug univers
  • Stavanger kommune: Skolen frå Cappelen Damm
  • Tromsø kommune: Creaza og kommunen si nettside
  • Bodø kommune: Aftenposten junior skole og Showbie

Kommunane risikerer at dagbøtene blir iverksatt dersom feila ikkje blir korrigert innan 13. oktober. Feila er brot på krava om universell utforming av ikt. Det inneber at dei digitale læremidla ikkje kan brukast av alle, og kommunane bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova.

Om saka

Tilsynet har i vår ført kontroll med elleve digitale læremiddel som seks kommunar brukar. Alle kontrollane avdekka feil som går utover elevar. Som følge av tilsyna fekk fem kommunar endeleg rapport før sommaren med pålegg om retting med frist i august. Tilsyn med ein kommune er framleis under arbeid. Løysingane som er kontrollert er i bruk i stort omfang i skuleverket og er levert av aktørar som Cappelen Damm, Aschehoug, Gyldendal og Schibsted.

Eksempel på feil

Etter at fristen for retting var ute, sto det att fleire feil. Eksempel på dei er:

  • Feil knytt til tastatur og navigasjon ved bruk av sveiping (gjeld app). Feila gjer at innhald i ikt-løysinga der feilen oppstår ikkje er tilgjengeleg for elevar som nyttar tastatur eller sveiping for å navigere. Elevane får då ikkje tilgang til det same innhaldet og dei same funksjonane som elevar som brukar mus. Dette rammar elevar som har nedsett motorikk (tastatur) og elevar som er blinde eller har nedsett syn (tastatur og sveiping).
  • Feil knytt til ledetekstar og instruksjonar. Feila gjer at elevar ikkje får informasjon om kva funksjon ulike skjemaelement i løysinga har og dei får ikkje alltid forklart kva ulike symbol eller ikon betyr. Feila har verknad for alle elevar. Det står også att feil knytt til korleis ledetekstar er koda. Feila gjer at elevar som nyttar hjelpemiddelteknologi som til dømes skjermlesarar ikkje får informasjon om kva ledetekstar som er kopla til kva skjemaelement. Feila gjer det vanskeleg for desse elevane å bruke ikt-løysinga.
  • Feil knytt til fargekontrast mellom tekst og bakgrunn som gjer innhald vanskeleg å sjå for elevar med nedsett syn.

Med teknologi og gode digitale læremiddel blir det mogleg for elevar med nedsett funksjonsevne å delta i klasserommet på lik linje med andre. I tilsyna har vi testa grunnleggande krav til universell utforming. Feila vi har funne går utover elevar med dysleksi, synsvanskar og elevar som må navigere med tastatur. For dei elevane det gjeld betyr det ein vanskelegare skulekvardag - kvar dag så lenge læremidla ikkje fungerer slik dei skal. Eg håpar derfor at kommunane saman med sine leverandørar får retta opp så snart som mogleg, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Les tilsynsrapportane

Endelege tilsynsrapportar er publisert på tilsynet sin nettstad – uutilsynet.no.

Regelverk om universell utforming av ikt

Sjå gjeldande regelverk og krav for offentleg sektor.

Pressespørsmål 

For meir informasjon, ta kontakt med: