Hopp til hovudinnhald

Uu-tilsynet avslutta i går tilsynet med nettstaden til Stiftelsen Handelshøyskolen BI (BI). Feila vart retta innan fristen som vart sett i vedtaket om tvangsmulkt, og dagbøter blir derfor ikkje iverksett.

Etter ein kontroll Uu-tilsynet i Digdir gjennomførte i vår, vart det avdekka feil på BIs nettsider og digital eksamensløysing. Brota på krava innebar at den digitale eksamensløysinga ikkje var like tilgjengeleg for alle, og BI bryt med krava i likestillings- og diskrimineringslova.

Det gjensto feil i eksamensløysinga då fristen gjekk ut. BI fekk ti verkedagar på å rette alle feil, og dersom ikkje feila var retta innan fristen, ville BI få dagbøter på 75 000 kroner per verkedag. No har BI retta alle feil etter to verkedagar og tilsynet avslutta saka i går.

Om saka

Tilsynet har i vår ført kontroll med BI, med både hovudnettside og digital eksamensløysing. Gjennomført kontroll avdekka brot på åtte av elleve lovkrav om universell utforming av ikt, som er suksesskriterium i standarden WCAG 2.0.

BI fekk etter tilsynet pålegg om retting, med frist for å korrigere brota. Etter fristen gjekk ut viser ein oppfølgingstest at det framleis var feil på 29 % av dei testa elementa. BI fekk vedtak om tvangsmulkt, og dagbøter ville gå kvar verkedag frå og med torsdag 18. november dersom feila ikkje var retta innan onsdag 17. november kl. 12.00. BI kom i mål med retting etter 2 verkedagar og unngår dagbøter.

Alle skal kunne ta eksamen på like vilkår

Tilsynet avdekka at personar med nedsett syn kan få vanskar med å bruke den digitale eksamensløysinga, mellom anna ved at forstørring ikkje fungerer slik den skal for studentar med nedsett syn. I tillegg var det feil som gjer det vanskelegare å navigere med tastatur. Dette går utover gjennomføringa. I tillegg var det avdekka ein del andre problem som kan påverke situasjonen for personar med nedsett kognisjon.

– Vi er glade for at BI kom i mål innan fristen, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Alle studentar må kunne avlegge eksamen på like vilkår, og ei digital eksamensløysing må fungere for alle. Lik rett til utdanning er heilt i kjernen med formålet med dette regelverket. Det er derfor viktig at utdanningsinstitusjonane sikrar at løysingar dei kjøper følgjer krava til universell utforming av ikt.

Tilsynet har kontrollert fleire utdanningsinstitusjonar i år. Alle tilsynsrapportar er publiserte på Uu-tilsynets sider.

Ta kontakt ved pressespørsmål

Torhild Kristin Brudvik

Seniorrådgiver, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 48288309

Malin Rygg

Avdelingsdirektør, Digitaliseringsdirektoratet
Telefon: 97197317