Hopp til hovudinnhald

Feil på nettsida til Sunnfjord kommune gjorde at Uu-tilsynet i slutten av desember ga Sunnfjord kommune vedtak om bot. Kommunen fekk frist til midten av januar og har no retta alle feil.

Oppretta: 12. januar 2024 Sist endra: 31. januar 2024

Etter ein kontroll med universell utforming av ikt som Uu-tilsynet gjennomførte i fjor, vart det avdekka brot på nettsida til Sunnfjord kommune og i det digitale læremiddelet Multi Smart Øving.

Fristen for å rette brota vart sett til 6. desember 2023. Brota i det digitale læremiddelet var korrigert i tilstrekkeleg grad innan fristen. Feila på nettstaden til kommunen var ikkje retta, og det vart gjort vedtak om tvangsmulkt på 35 000 kroner kvar verkedag, som ville tre i kraft dersom feila ikkje var korrigert innan 12. januar 2024.

Sunnfjord kommune meldte inn 9. januar at feila var korrigert. Uu-tilsynet testa nettstaden og den 10. januar kunne tilsynet med kommunen avsluttast. Kommunen hadde korrigert feila og dagsbøtene trer ikkje i kraft.

Pressespørsmål 

For meir informasjon, ta kontakt med: