Hopp til hovedinnhold

Uu-tilsynet lanserer ei ny søkeside som gjer det enklare å finne tilgjengelegheitserklæringar frå offentlege verksemder.

Alle offentlege verksemder skal ha tilgjengelegheitserklæring for nettstader og appar. Desse har ofte lege spreidde på ulike nettsider. Den nye søkesida samlar erklæringane og gjer det mogleg å søke på verksemder og ikt-løysingar.

Søkesida gir også oversikt over status. Brukarane kan sjå om ei erklæring er oppdatert, filtrere på oppdateringstidspunkt og få innsikt i bruk.

Ei erklæring blir rekna som utdatert dersom ho ikkje er oppdatert på over eitt år. Verksemdene skal oppdatere erklæringane minst årleg.

Løysinga byggjer på opne data frå ferdigstilte erklæringar. Dataa er tilgjengelege som eit samla datasett som kan brukast til analyse og vidareutvikling.

Dette er første versjon av søkesida, og løysinga vil bli vidareutvikla.

– Når erklæringane no blir samla og lettare tilgjengelege, blir det enklare for både innbyggarar og journalistar å få oversikt over status for universell utforming i offentleg sektor, seier produkteigar Dag Ove Eggum.