Hopp til hovudinnhald

Tilsynet avsluttar i dag tilsynet med kommunane som ikkje hadde publisert tilgjengelegheitserklæring, og det vil dermed ikkje løpe dagbøter.

25. oktober 2023

I haust sendte Uu-tilsynet pålegg om retting til 18 kommunar som mangla tilgjengelegheitserklæring. Alle nettsider i Noreg skal være universelt utforma, og sidan 1. februar 2023 har det vore krav om tilgjengelegheitserklæring for verksemder i offentleg sektor. Etter ein gjennomgang Uu-tilsynet gjorde i haust, hadde 338 kommunar fått dette på plass. Dei resterande 18 kommunane mangla erklæring, og desse fekk pålegg om retting i slutten av september.

Sist veke fekk fire av desse vedtak om dagbøter for mangel på retting: Gamvik, Leka, Dønna og Rendalen kommune. I vedtaket fekk dei fem verkedagar på å få publisert tilgjengelegheitserklæring før dagbøtene trer i kraft.

Alle fire kommunane har no publisert tilgjengelegheitserklæring, og dagbøter trer ikkje i kraft.

– Vi er glade for at alle kommunane i Noreg no har fått på plass tilgjengelegheitserklæring. Slik sett har kontrollen verka etter intensjonen, seier tilsynsdirektør Malin Rygg. – Fristen var 1. februar 2023, og dei aller fleste kommunane fekk erklæring på plass innan fristen, men nokon var framleis ikkje i mål i haust. Kommunesektoren har samla sett gjort ein god jobb med tilgjengelegheitserklæringa. Det er viktig for innbyggarane at kommunane sine nettstader er tilgjengeleg. Kommunale nettsider har viktig informasjon og søknadsskjema for grunnleggande tenester som skule, barnehage, sosialhjelp, barnevern, legehjelp og sjukeheim. Digitalt utanforskap er ei stor samfunnsutfordring, og det er viktig at dei digitale løysingane fungerer for alle.

Då webdirektivet vart innført i 2022, fekk offentleg sektor skjerpa krav til sine nettsider. Eitt av krava er tilgjengelegheitserklæring, som verksemdene skal opprette i Digdir si sentrale løysing uustatus.no og publisere på sin nettstad. Tilgjengelegheitserklæringa skal oppdaterast årleg, og skal bidra til at verksemdene får oversikt over status og gi grunnlag til å lage ein plan for å rette eventuelle feil. Den skal samtidig gi brukarane moglegheit for å gi tilbakemelding når nettsida ikkje fungerer for dem. Tilsynet for universell utforming av ikt (Uu-tilsynet) har ansvaret for å følge opp at regelverket blir følgt. 

Pressespørsmål 

For mer informasjon, ta kontakt med: