Hopp til hovudinnhald

Universell utforming i opplæringssektoren

Opplæringssektoren er eit svært viktig område for uu av ikt. Å bli utestengt frå skule og utdanning grunna manglande universell utforming, kan få store konsekvensar. Derfor fører vi tilsyn med skular, skuleeigarar og andre verksemder innan opplæring og utdanning som er ansvarlege for at regelverket for universell utforming av ikt er ivareteke. Vi gjer også kartleggingar av bruk av digitale læremiddel, læringsplattformer og digitale samhandlingsløysingar.

Tilsyn med digitale læremiddel og andre ikt-løysingar i opplæringssektoren

Uu-tilsynet har per 1. juni 2023 kontrollert 16 ikt-løysingar som er i bruk til opplærings- og utdanningsføremål. Tilsyna famnar om digitale læremiddel i form av nettsider eller appar. Også innloggingsløysingar i samband med eksamen, opptak til utdanning og studielån, er kontrollerte. Kontrollane skjer ved at løysingane vert testa opp mot regelverket.

Resultat frå testar utført i samband med tilsyn i opplærings- og utdanningssektoren

Diagrammet viser kor mange prosent av testane som gav brot på krava til universell utforming av ikt på tidspunktet for gjennomføring av tilsyn.

Kort oppsummert

  • Det er avdekka manglande samsvar med regelverket for universell utforming av ikt i alle dei 16 digitale løysingar tilsyna har omfatta.
  • I alt 11 av løysingane fekk testresultat som indikerer brot på regelverket i meir enn 50 % av testane:
    • Askiraski.no viste 72 % brot, og Skolen frå Cappelen Damm viste 63 % brot. Desse læremidla er i bruk i nesten halvparten (høvesvis 45 % og 43 %) av skulane som deltok i Oslo Economics si kartlegging.
    • Salaby er i bruk i 59 % av skulane som deltok i kartlegginga. Testane utført i tilsyn, viste 56 % brot på regelverkt.
  • Berre fem av ikt-løysingane hadde meir enn 50 % samsvar med regelverket for uu av ikt.
  • Fleire av dei digitale læringsressursane som i liten grad er universelt utforma er i bruk i stort omfang i skulen. Dette er ein alvorleg situasjon.
  • Statens lånekasse for utdanning (lanekassen.no) og Samordna opptak viste meir enn 80 % samsvar, og er såleis dei med best resultat.
  • Merk at løysingane vert utbetra som ein del av oppfølginga av tilsyn og at vi her viser testresultat på tilsynstidspunktet. Det er ikkje prosentvis brot på regelverket som er styrande for reaksjonsform, men også kva brot på regelverket som er avdekka og kva konsekvensar det får for brukarar.

Bruk av digitale læremiddel og ikt-løysingar i opplæringssektoren

På oppdrag frå Uu-tilsynet har Oslo Economics gjennomført ei kartlegging av bruk av digitale løysingar i opplæringssektoren. Kartlegginga viser bruk av digitale læremiddel, læringsplattformer og andre digitale læringsressursar. I alt 232 grunnskular over heile landet har delteke i undersøkinga.

Digitale læremiddel er nettbaserte reiskapar brukt i pedagogisk arbeid og utvikla for læringsaktivitetar. Digitale læringsressursar er nettbasert innhald som ikkje nødvendigvis er utvikla for bruk i skulen, men som vert nytta i undervisning og læring.

Dei 30 mest brukte digitale læremidla og læringsressursane

Diagrammet viser ei oversikt over dei 30 mest brukte digitale læremidla og læringsressursane. Leverandør av læremidla og læringsressursane står i parentes.

Kort oppsummert

  • Bruk av NRK skole, YouTube, Book Creator, Salaby og Office-programma verkar å vere særleg utbreidd i grunnskulane som deltok i kartlegginga.
  • Det er dei gratis læremidlane og læringsressursane som dei fleste skulane opplyser om at dei brukar i undervisninga.

Kjelde: Oslo Economics

Dei mest brukte digitale læringsplattformene

Diagrammet viser ei oversikt over dei 15 mest brukte digitale læringsplattformene. Leverandør av læringsplattformene er sett i parentes. Digitale læringsplattformer er løysingar for å administrere brukarar og organisere læringsinnhald.

Kort oppsummert

  • Microsoft sine plattformer er i bruk av særleg mange grunnskular. Office 365 er i bruk i 68 % av skulane som deltok i undersøkinga, Microsoft Teams i 64 % og OneNote i 49 % av skulane.
  • Visma Flyt Skole, Showbie og Google sine plattformer er også brukt av mange skular, mellom 22 og 36 % av skulane i undersøkinga oppgav at dei brukte desse løysingane.

Kjelde: Oslo Economics

Dei mest brukte samhandlingsløysingane

Diagrammet viser ei oversikt over samhandlingsløysingane som vert brukte i skulane som deltok i kartlegginga. Dette er løysingar som kan brukast for fjernundervisning eller møteverksemd, men som også vert nytta til utveksling av dokument. Leverandør av læringsplattformene er sett i parentes.

Kort oppsummert

  • 75 % av skulane i undersøkinga brukar Microsoft Teams som samhandlingsløysing.
  • 30 % av skulane brukar Visma Flyt Skole.
  • 20 % brukar Google Meet.
  • Andre digitale løysingar for samhandling vert brukte av færre enn 10 % av skulane i undersøkinga.

Kjelde: Oslo Economics