Hopp til hovudinnhald

Etter at Elon Musk kjøpte opp Twitter, har det skjedd mange endringar i selskapet, som medfører at tilsynet ikkje kan stå for bruken av denne plattformen.

08. november 2022

Som mange kjenner til vart Twitter nyleg kjøpt opp av Elon Musk. Dette har medført mange endringar i selskapet.

Mellom anna har Gerard K. Cohen – no tidlegare leiar for Twitter sitt tilgjengelegheits-team – meldt at han var oppsagt og at teamet var nedlagt. Andre team som er blitt avslutta inkluderer team som har jobba med menneskerettar og etisk bruk av kunstig intelligens.

Tilsynet er opptatt av at sosiale plattformer skal vere for alle uavhengig av funksjonsevne. Som samfunn er vi avhengige av at alle skal ha likeverdig tilgang til informasjon og å kunne delta i det offentlege ordskiftet på like vilkår.

Dei endringar som Twitter gjennomfører no, trekker ikkje i denne retninga.

Tilsynet har derfor beslutta å trekke seg frå Twitter frå og med i dag, og kjem ikkje til å bruke denne plattformen framover.

– Om ting skulle endre seg, så kan vi ta ei ny vurdering, men inntil vidare trekk vi oss frå denne plattformen, seier Malin Rygg, tilsynsdirektør.