Hopp til hovudinnhald

Tilsynet for universell utforming av ikt brukte heile 2023 til eit sektortilsyn med opplæringssektoren. Resultata er oppsummert i ein sektortilsynsrapport som vart lansert tysdag 27. februar på Pressens hus i Oslo, med gjester som kommenterte funna.

I sektortilsynet har vi gjennomført tilsyn, gjort kartleggingar og hatt dialog med brukarorganisasjonar, bransje og verksemder. Alle funn er oppsummert i ein sektortilsynsrapport som ser på i kva grad barn og unge kan delta digitalt i undervisning på like vilkår.

Rapporten vart lagt fram på Pressens hus i Oslo 27. februar ved tilsynsdirektør Malin Rygg, med gjester som ga kommentarar og delte erfaringar:

  • Gunn Karin Gjul, statssekretær i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
  • Sindre Lysø, statssekretær i Kunnskapsdepartementet
  • Synnøve Amdam, forskar, institutt for digital kompetanse, ved Høgskolen i Volda
  • Ivar Stokkereit, fagsjef i Barneombodet

Sjå opptak av lanseringa, og intervju vi gjorde med gjester og besøkande etterpå

Intervju med Gunn Karin Gjul, statssekretær for Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet

Intervju med Ivar Stokkereit, fagsjef hos Barneombudet

Intervju med Sverre Fuglerud i Norges Blindeforbund

Intervju med Synnøve Amdam, forskar ved Høgskulen i Volda

Intervju med Yngvar Nordberg, komitéleiar i Standard Norge og dagleg leiar for TV2 Skole/Elevkanalen