Hopp til hovudinnhald

Midlertidig nedetid onsdag 7. januar

På grunn av planlagt vedlikehold vil nettsiden være utilgjengelig onsdag 7. januar. Nettsiden vil være tilgjengelig igjen når arbeidet er fullført. Takk for tålmodigheten.

Feil i digitale løysingar for digital eksamen og søknad til vidaregåande opplæring gjorde at Uu-tilsynet ga pålegg om retting til Udir og Novari IKS i desember. Feilen er no retta.

Laga: 30. januar 2025 Sist endra: 03. februar 2025

Uu-tilsynet gjennomførte i haust tilsyn med Utdanningsdirektoratet (Udir) og med Novari IKS, tidlegare Vigo IKS. I begge tilsyna vart det avdekka feil. Desse feila fann vi i den sentrale nettløysinga for digital eksamen på vidaregåande skule, og på Novari IKS sin nettstad Vigo.no som elevar brukar for å søke plass på vidaregåande skule.

Uu-tilsynet ga pålegg om retting med frist til 15. januar 2025. Feila vart retta innan fristen gjekk ut, og begge tilsyna er no avslutta.

– Verksemdene har gjort ein god jobb frå starten av og vi fann færre feil enn det vi vanlegvis finn i tilsyn. No er dei komne i mål og det er vi glade for. Når teknologien fungerer, gir det fleire ein sjanse til å bruke evnene sine. Vi håpar verksemdene held fram med det gode arbeidet, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.

Endeleg tilsynsrapport vart oversendt til verksemdene i midten av november og er publisert på uutilsynet.no. Kontrollen vart gjort etter forskrift om universell utforming av ikt, som har heimel i Likestillings og diskrimineringslova.