Hopp til hovudinnhald

I januar sender Uu-tilsynet ut ei spørjeundersøking til eit representativt utval innbyggarar. Temaet er digitale tenester i helsesektoren, som for eksempel time- og reseptbestilling.

Laga: 27. januar 2026

Målet med undersøkinga er å kartlegge kva erfaringar innbyggarar har med digitale løysingar i helsesektoren. Vi set pris på om de tek dykk tid til å svare på undersøkinga, då det vil vere til stor hjelp i det vidare arbeidet knytt til universell utforming.

Undersøkinga er anonym og tek 5–10 minuttar å svare på.

Dersom du har spørsmål til undersøkinga, ta kontakt med Uu-tilsynet via e-post: post@uutilsynet.no.

Undersøkinga er ein del av sektortilsynet med digitale løysingar i helsesektoren.

Personvern

For å svare på undersøkinga, må du godta behandling av personopplysningar i starten av spørjeskjemaet. Vi brukar opplysningane for å få meir kunnskap om og forstå korleis brukarane opplever digitale tenester i helsesektoren. Personopplysningane dine blir behandla i samsvar med personvernregelverket (GDPR).