Hopp til hovudinnhald

Krav om synstolking av førehandinnspelt video i offentleg sektor kjem i 2024

Det er no vedteke at to krav om synstolking er ein del av regelverket om universell utforming av ikt, som skal gjelde offentleg sektor.

01. feb 2023

I offentleg sektor skal videoopptak som vert publisert frå 1. februar 2024 vere synstolka, jf. forskrifta § 4b tredje ledd. Det er altså gitt ei innføringstid på 1 år. Med førehandsinnspelte tidsbaserte media, meiner ein video som ikkje er direktesendt. Merk at ei tidlegare live-sending likevel er rekna som førehandsinnspelt, dersom den vert liggande eller publisert på nytt seinare.

Kravet om synstolking vil ikkje gjelde for grunnskulen og vidaregåande skule, med mindre det er videoopptak knytt til viktige nettbaserte administrative funksjonar. Institusjonar i høgare utdanning skal derimot synstolke alle videoar som vert publisert frå 1. februar 2024.