Hopp til hovudinnhald

Det vart i 2023 vedteke at krav om synstolking skal vere ein del av regelverket om universell utforming av ikt. Kravet gjeld for offentleg sektor frå i dag, etter eitt år med innføringstid.

01. februar 2024

Alle skal kunne delta digitalt på like vilkår. Dette er formålet med regelverket om universell utforming av ikt, og frå i fjor var regelverket for offentleg sektor skjerpa med fleire krav frå WCAG-standarden. Eitt av dei nye krava er synstolking. Det betyr at i offentleg sektor skal videoopptak som blir publisert frå 1. februar 2024 vere synstolka, jf. forskrifta § 4b tredje ledd.

Førehandsinnspelte tidsbaserte media er video som ikkje er direktesendt. Merk at ei tidlegare live-sending likevel er rekna som førehandsinnspelt, dersom den vert liggande eller publisert på nytt seinare.

Kravet om synstolking vil ikkje gjelde for grunnskulen og vidaregåande skule, med mindre det er videoopptak knytt til viktige nettbaserte administrative funksjonar.

Meir om synstolking på tilsynets nettsider med rettleiing og løysingsforslag.