Hopp til hovudinnhald

Vi har fått nye nettsider!

Vi lanserer nye nettsider i ny drakt! Vi håpar du likar dei nye sidene og finn fram til det du treng. Gi oss tilbakemelding om det er noko du saknar.

Mann i grønn skjorte og kvinne i gul genser som holder en tablet

Torsdag 17. desember lanserte vi nye nettsider. Sidene har fått heilt ny drakt og uu.difi.no har blitt til uutilsynet.no.

Nettsida er vår hovudkanal for informasjon og rettleiing og vi håpar du likar sida. Send oss gjerne ein e-post til post@uutilsynet.no om det er noko du saknar.

Målgruppene for uutilsynet.no er først og fremst du som lagar digitale tenester, har ansvar for ein nettstad, er nettredaktør, designar eller utviklar.

På nettsidene finn du informasjon om regelverk. Både om regelverket som vi har i Noreg i dag og om framtidig regelverk som er på veg inn med to ulike EU-direktiv: webdirektivet (WAD) og tilgjengelighetsdirektivet (EAA). Du finn også tilsynsrapportar og informasjon om korleis vi fører tilsyn.

I "Intro til universell utforming" og under "Veiledning", finn du ut korleis du sørger for å følge reglane. Her finn du blant anna løysingsforslaga våre, enkle sjekkar, informasjonsfilmar og e-læringskurs.

Fagbloggen vår har vi kalla "uubloggen" og her skriv vi om ulike tema rundt fagområdet, om spørsmål vi får og vi har mange spennande gjestebloggarar.

Ikkje alt er klart til lansering, så i løpet av 2021 kjem det meir nytt. Då får du også sjå våre nye statistikksider.

Følg med og velkommen til å sjekke ut dei nye sidene!